Lesarbrev

Roma midt i mot – og «vesle Mannen»

Stort steinsprang fra Veslemannen.   Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Leserbrev

Eller kanskje David og Goliat, passa betre, i desse KrF-tider? Underteikna har som mange andre i landet fylgt med på rapportane og evakueringane frå Veslemannen. Men etter den siste evakueringa i fjor, reagerte eg, kva er årsak til dei hyppige episodane? Prøvde først å få kontakt med NVE, for spørsmål og kommentarar, men slikt er dei ikkje interesserte i. Dei sit på sin høge hest, opphøya over alle andre.

Underteikna har ikkje titlar eller eksamenar å slå nokon i hovudet med, men som tidlegare fjell-bonde med hundrevis av turar etter sauene, gjennom 46 år i fjellheimen, aktiv fjelltur-gåar og som fjellførar, så har ein tileigna seg ein betydeleg mengde kompetanse som ein neppe får på skulebenken! Dette burde halde til ei mastergrad, eller liknande, minst!

Eg bur i Oppstryn, under høge fjell som stadig har fjellras, steinsprang og elvaras. Har vel stått og sett på ni-ti større fjell- og elvaras, og endå fleire steinsprang. Etter at eg tok for meg gode kart og starta å måle avstandar, høgder og terrengvinklar, fekk eg straks hakeslepp. Informasjonen frå NVE, med bilete frå toppen av Mannen og raude ras-piler ned mot jernbanelinje og gardsbruk, er etter mitt syn totalt misvisande og i høgste grad uriktig. Horisontal avstand frå toppen av fjellet og fram til jernbane og gbr. er på ca 1.600-1.700 meter, avstand frå ca 200 moh. og til jernbane og gbr. er ca 600 meter, det blir då ein vinkelgrad på ca 15 grader. Steinras beveger seg ikkje framover i så slakt terreng, tyngdekrafta blir fort sterkare enn framdrifta.

Etter å ha sjekka rasvinkel på dei ras eg har sett, pluss alt bildemateriale eg har funne i bøker av dei norske fjell og dalar og gjennom tv frå inn og utland, kom eg fram til at steinras stoppar opp med ein vinkel på + - 35 grader. Ein annan ting var at dei ikkje beveger seg lenger horisontalt ut frå rasstad enn ca 700 - 900 m. og at dei tilnærma har ein rett overflateprofil. I mange dalføre så ligg dei i ei bogeform, med flatare profil mot dalbotnen. Då er det snørasa som har teke med seg steinmassar utover i terrenget. Ras frå Veslemannen vil etter mitt syn aldri nå fram mot bebyggelse! I så fall måtte fjellet Mannen vore fleire hundre meter høgare. Rasmassar vil truleg leggje seg igjen i ei rasvifte frå ca 600 m. høgd og stoppe opp på ca 200 m. nivå (500 – 600 m. før bebyggelse.) Storleik på rasvifte er sjølvsagt usikkert, men truleg vil den være på ein stad mellom 200 da. og 300 da. Der ligg raset! Kvar skal resterande massar for å nå bebyggelse kome frå? At kommune, fylke, politi og vi kan ta med mediadekning og, godtek to raude piler som skal være eit farleg ras frå Mannen! Er rett og slett tragisk! Når steinras når område på under 15-30 grader vinkel så stoppar dei opp. Basta.

Raset ved Hjelle, Oppstryn i 1980

Raset gjekk om våren 1980. Underteikna hadde teke ein strekk på køya, etter middag, då bulderet starta. Først gjekk eg i glaset mot fjella over meg, der var det ikkje. Sprang gjennom huset mot verandaen, på vegen fekk eg nappa med eit fotoapparat. Då fekk eg eit mektig syn. Raset kom frå Hjelle-hyrna 1.374 moh. Eit fjellparti eit stykke under toppen hadde brotna laust og på veg ned mot riksveg 15 og bebyggelse (som låg nær, berre 740 m. horisontalt ut frå rasstad) og Oppstrynsvatnet på nedsida av dåverande riksveg. Berghammaren som brotna laus og som truleg var på oppmot ca 400.000 m3 var i starten nærmast i fritt fall. Raset skapte ei enorm sky av steinstøv som etterkvart skjulte meir og meir av bebyggelsen i Hjellegrenda, også Hjelle hotell, og til sist var alt skjult i skya, som gjekk langt oppetter fjellsida på nordsida av dalen. Første tanken min var at no gjekk storparten av Hjellesamfunnet med i raset! Men etter ei tid som skya klarna att, kom meir og meir hus tilsyne, og til slutt også det siste næraste huset var like heilt! Utruleg. Raset stoppa ved hustrappa og i veggrøft/vegen av Rv15. Men det gjekk ikkje i badestrand og vatnet på nedsida av vegen, og stoppa 750 meter ut frå rasstad. Nærmaste hus (avstand 740 m.) vart fråflytta og rive, men hus/hytte nr. 2 som ligg ca 40 m. frå det første ligg der, og er i bruk fortsatt. Det må nemnast at heile Hjellesamfunnet, inkludert Hjelle hotell, skule, barnehage og idrettsanlegg, ligg innafor 1600-1700 m. avstand frå rasstad. Om lag som bebyggelsen under Veslemannen. Vil NVE eventuelt avfolke heile Hjellesamfunnet? For nye ras frå same staden kjem. Men om det går 100 eller 200 år før, veit ingen. Det er vatn og is i sprekker i fjellet som avgjer det. Korleis kan eit ras frå «vesle mannen» gå 1.500-1.600 meter framover i terrenget, når eit dobbelt så stort ras på Hjelle, og mykje brattare fjellside, stoppar etter 750 m. fram i terrenget? Dette må NVE svare for, om dei kan?

Lodalsulykkene i 1905 og 1936, er vel dei største rasulykkene i landet. Det omkom i alt 135 menneske i desse to rasa, av vassbølgjene som rasa skapte. Eg er godt kjend med rashistoria i Lodalen , både forteljing frå mine foreldre som jobba der i 1936. I tillegg har eg gamle slektsrøter både frå Bødal og Nesdal. Første raset i 1905 var på ca 50.000 m3 fjellmasse og oppmot 300.000 m3 lausmasse, tilsaman 350.000 m3. Dette skapte flodbølgja som tok 61 menneske. Ulykka gjekk den 15/1 1905, og med låg vannstand. Andre raset gjekk 13/9 1936, laga ei mykje større flodbølgje, opp i 70 m. høgd, og tok livet av 74 menneske. Rasmassane denne gongen vert regna til å ha vore om lag 1.000.000 m3 og med betydeleg høgare vannstand enn i 1905. Sjølv om steinmassane frå desse rasa havna i vatnet og dermed var lettare i vekt, så gjekk dei ikkje lenger horisontalt ut frå rasstad enn ca 850-1.000 m. som ved Hjelleraset så var mykje av rasa her og i fritt fall i starten.

Eit middels ras på Åning, for sju-åtte år sidan. Skal ikkje gå så mykje i detalj, men 95% av raset stoppa opp i ei helling på ca 30 grader. Kun nokre store blokker gjekk ned under skreda og stoppa opp på helling på ca. 25 grader, 60-70 meter ut frå brattare terreng. Største fjellstykke var truleg på ikring 200 tonn! Tøft å sjå det kome hoppande, med 80-100 m. for kvart nedslag. Då steinrøyken la seg fekk eg auge på to hjortar som sprang forvirra ikring , at dei overlevde var heilt utruleg. Om det var fleire som vart tekne er og muleg. (raset stoppa 550-600 m. horisontalt ut frå rasstad). Eit anna område her på fjellet ligg og på utglid, det viser fjellsprekken som er opp mot fire-fem m. brei i bakkant. For 12-15 år sidan tok eg det opp med ansvarleg avdeling i fylket. Men dei måtte ha kart og koordinatar osv. Eg gadd ikkje gjere arbeidet for dei! Området ligg 1.000 moh. Eit ras her vil truleg være på ca 300.000-400.000 m3. Om det kjem om 75 år eller 150 år veit ingen, men ned kjem det! Bebyggelse under området ligg i same avstand som ved Veslemannen! Men eit er sikkert – eg skal ikkje fortelje nokon om det, eg skal ikkje være grunnen til at folk blir evakuert i utrengsmål av NVE. Raset vil ikkje skade nokon, etter mitt syn.

Jernbanestenging

1. Ev. ras vil ikkje kome fram til banetrase!

2. Ved bra sikt oppi fjellsida, og ras ikkje er på gong , vil det gå 2,5-3 minutt før eit ras nærmar seg dalen! På den tid har toget kjøyrt 3,2-3,8 km. minst (langt forbi området) Heilt ufarleg!

Konklusjon

NVE har med fylgjene av eit ras frå Veslemannen laga storm i eit vassglas. Kva har «ekspertane» utført? Avlese måleinstrument. Det er greit, men fylgjene av eit ras manglar. Foto med breie raude piler ned mot bebyggelsen held ikkje mål! Ein fjerdeklassing hadde gjort det like bra?

Skal ras nå bebyggelse og bane, må terenget frå ca 600 m. høgde og fram til gardane fyllast med steinmasse. Det er der ikkje masse til. Dette er tross alt ikkje så eit stort ras. Raset vil då få ein overflatevinkel på under 27 grader. Så flate steinras går ikkje! Steinras «fløymer» nemlig ikkje utover terrenget slik som vatn, eller snø gjer. Tyngdekraft og konsistens bestemmer dette.

Så vil NVE eventuelt byggje fangvollar mot ras, til dusinvis millionar kroner? Kvifor? Når det er heilt bortkasta, og totalt unødvedig! (Bortsett frå å minske frykta hos bebuarane som NVE si handling har skapt) Har blitt ein merkeleg prosess den Veslemannen! Eit fåtal ekspertar ropar ulv, og så spring heile Noreg etter? Uforståeleg etter mitt syn. I mange mindre hendelsar blir det nedsett den eine kommisjonen etter den andre for å sjekke og dobbelsjekke alt i frå A til Å! Her har nokre ekspertar fått all makt! Og dermed forleda det norske folk. At NVE skal snu og erkjenne at det ikkje vil være noko rasfare, ventar eg ikkje på. Dei har gått for høgt på banen til det. No må dei kakke meg i hovudet og fortelje meg kor feil eg tek? Det må dei berre gjere, eg er tjukkhuda og tåler det. Har vore på kant med høgare etatar enn NVE, og gått av med siger. Underteikna hadde ikkje skrive ei einaste linje, om eg ikkje var 100 % sikker på å ha rett. For fasiten for ras ligg ikkje i hovudet til geologar eller i deira datamaskiner. Fasiten ligg i tusental i dei Norske fjell og dalar, og ellers rundt om på kloden. Positivt var det å sjå at geolog Norem, (NGI) også stilte kritiske spørsmål om handteringa av vesle-mannen, i fjor haust! Vi har utveksla synspunkt.

Oppmoding: Lat Veslemannen få rase i fred. Den vil ikkje gjere skade på nokon.

Oppstryn 12. august 2019

Jon Aaning

(delvis forfatta før årsskifte)