Lesarbrev

Me kunne ha valgt vekk å minne om Geiranger og Flåm

Ida Siem.Foto: Privat 

Leserbrev

I dag lurer eg på om eg egentlig er så stolt av å vere frå Romsdalen. Det er ein merkelig, uvant følelse, fordi det er det eg alltid har vore. Stolt. Det er mykje snakk om kor du er frå i dette landet, og eg har alltid hatt Romsdalshjertet utanpå - og snakka høgt og breitt om kor fint det er her. Ein liten tindehovedstad omringa av briljante fjell og fine folk med hjartet stort sett på rette staden.

Med dei miljø- og klimautfordringane me står overfor, så trengs det grundige endringar i måten me styrer turismen på. Det kjem til å komme lovendringar og adferdsendringar som følge av at den globale økonomien skal kutte 45 % CO2 innen 2030, og være karbonnøytral i 2050. Det er naivt å tru at Norge ikkje blir påvirka av dette, på samme måte som Rauma blir det. Siste rapport frå NHO Reiseliv viser ei økning i klimagassutslipp på over 30 % på 6 år. Det er klar beskjed; framtida MÅ vere grønnare. Likevel vedtar politikarane i Rauma bygging av ein gondol som må matast med cruiseturistar. Me skjønnar vel alle at det er vanskelig å seie nei til gjestar når gondo-len først er oppe. Romsdalen AS, på si side, held fast på sin «bærekraft-image», og me er mange som er spente på korleis dette skal fyllast med truverdig innhold.

Fremdeles er det mange som klamrar seg til denne utdaterte idéen; å bruke antall turistar som målestandard for suksess. Vekst og utvikling, snakkar alle om. Men det finst mange måtar å vekse på, og Romsdalen har fram til no hatt muligheten til å ta posisjonen som bærekraftig destinasjon. Me kunne ha valgt vekk å minne om Geiranger og Flåm, og bestemt oss for å jobbe med bærekraft på ekte. Me kunne ha valgt å strekke oss etter å vere den framoverlente og framtids-retta destinasjonen som folk la merke til internasjonalt. Ein destinasjon som kunne markert seg som eit grønt forbilde som folk ville komme til for å lære. Den plassen er ledig, men sjansen rauk i går.

Turistnæringa er spådd å ha ein massiv vekst uavhengig av kva me foretar oss. Rauma er ein av vestlandskommunane med størst vekst frå før. Romsdalseggen fungerer optimalt som den gjer i dag.

«Romsdalen har allerede dei gjestane resten av reiselivs-Norge drømmer om. Ikkje ødelegg det», sa reiselivsmentor Trygve Sunde Kolderup på Norsk Fjellfestival i sommar. Eg er redd for at det er akkurat det som skjer no. Ingenting ville glede meg meir enn om eg tar feil.