Leserbrev:

«Gjev eg var i eit varmare land!»

Sølvi H Lundin.  Foto: Evy Kavli

Leserbrev

Vi som bor i eit kaldt land, må lære oss å halde varmen! Mange av oss sprengfyrer, andre trimmar og går tur eller held varmen på anna vis. Det store fleirtalet held seg nok innom hus med varmepumpe, elektrisk eller vedfyring. Eg ser meg omkring på Næs ein kveld i november, men ser ikkje eit menneske? Kvar er folket blitt av? Ingen cruisskip og campingturistar. Det er litt einsamt om vinteren.

Norge er eit av dei landa der flest bor åleine. Vi blir fleire og fleire åleinebuande (eller single, om du vil). Ikkje berre i dei store byane.

No vart det bestemt for nokre år sidan frå høgaste hald, at folk skulle bu heime åleine så lenge som (u)mogleg. "Ja, for du vil vel bu heime?", sa politikarane for å spare pengar. "Ja, det vil vi", sa dei gamle, men hadde gløymt at det ikkje fanst naboar og godtfolk i lokalsamfunna lenger. Kven skulle koke kaffi eller lage middag? Ingen å ete og drikke ilag med. Ingen som bankar på. Angsten og depresjonen låg på lur. Men det vart eit mantra: "Heimebasert omsorg!" Dei som heldt ut lengst heime (og som fraus mest), skulle få besøk av heimetenesta ein halv time om dagen. Det vart bestemt.

Politikarane hadde elles nok med budsjettbalansen og det store underskotet frå i fjor. Andre tenkte berre på å stimulere arbeidsmarknaden og næringslivet. Festivalar tenkte også mange på. Svært få tenkte på underskotet på den sosiale kapitalen: Relasjonar, fellesskap og meiningsfulle samanhengar. Den sosiale kapitalen vart svakare og svakare dag for dag. Den sosiale, eksistensielle dimensjonen vart dagleg oversett. Det vart også dei sviktande mellommenneskelege relasjonane. Det gjekk på identiteten laus både for gamal og ung.

Mange planer og tiltak hadde i fleire år blitt drøfta og delvis gjennomførte: Samhandlingsplaner, frivillighetssentalar, "verdighetsgarantiar", etiske råd, aktivitetsvenner, kontaktpersonar, eldregeneralar, dagsentra,"Sterk og Stødig", demensplaner og demenskoordinator. På Helsehuset sto det skrive at ein skulle leve godt heile livet! Og alle partia var einige om det i sine partiprogram. Men det merkelege var at einsemda berre auka i fedrelandet. Nokon sa at det var eit samfunnsproblem, ja, det var dei som meinte at det var som ein "epedemi"!

No var gode råd dyre. Fram mot kommunevalet i 2015 kom Audun Lysbakken med eit godt forslag. Han ville sørge for at dei åleinebuane ikkje skulle bli sittande åleine. Då måtte ein ha kommunale planer mot einsemd. Lysbakken ville reise ein nasjonal debatt om kva samfunnet kan gjere for å bekjempe einsemda! Det er mogleg, sa Lysbakken. (Merk dykk det, alle SV'arar.) Kvar kommune si plan. Og han kom med fleire forslag; m.a. måtte dei spreke unge eldre på banen!

Så veit vi det: Eit menneske er ikkje ei øy! Vi vart fødde inn i eit fellesskap. Vi er relasjonsvesener med eit stort behov for fellesskap heile livet! Vi treng ein politikk for heile mennesket! Vi treng ein neste!

Eg veit ikkje anna råd:

+ Bruk ein dag eller to i månaden til å besøke Sjukeheimen (Helsehuset). + Ikkje meld deg ut av samfunnet. + Bank på. + Gå på besøk. + Kjemp mot diskrimineringa av dei gamle. + Ta dei inn i ditt liv. + Venskap er ein god medisin.

Elles trur eg mest på song og musikk.


Sølvi H Lundin