Leserbrev

Sp sin distriktspolitikk i praksis!

Bilferja «Stryn».  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

«Sp og dei andre raudgrøne partia seier ein ting i valkamp, gjer stikk motsett i realiteten»

Dette her er rett og slett «sjørøveri» eller rettare sagt «ferjerøveri»!

Når ferjestrekninga Åfarnes-Sølsnes fekk ferje nr. 2, var dette med bakgrunn i at her var det innbyggarane og næringslivet som skulle betalte dette sjølve gjennom takstaukar. No vil Sp, Ap, Høgre og SV ta vekk denne ferja, men innbyggarane og næringslivet skal fint måtte fortsette å betale for noko dei ikkje får!

«Høgre også syntest dette var ein god idé, og stemte for fylkesrådmannen sitt framlegg»

Er det verkeleg mogleg å ver så «inn i granskogen greinalaus»? Er det mogleg å vere så simpel?

«Dette ferjerøveriet støtta også av SV-ordføraren i Rauma, bør syne at innbyggarane i Rauma får det dei har bestilt»!

Eg har faktisk ikkje ord for kva idear dagens fleirtal i fylket kan finne på i lag med fylkesrådmannen.

Opera til 150 mill. kr, strø rund seg med «pengegåver» i øst og i vest til finkultur, og framleis tvihalde på ein gedigen overadministrert administrasjon som er meir enn dobbelt så stor som andre fylke.

Talet på stillingar i Nordland fylke kontra Møre og Romsdal viser ein horribel forskjell, som syner at her kan det jammen kuttast i staden for å rasere vidaregåande skule og ferjedrifta.

  • Samferdselsavdelinga: Nordland 26, Møre og Romsdal 54.
  • Utdanningsavdelinga: Nordland 16, Møre og Romsdal 55.
  • Næringsavdelinga: Nordland 16, Møre og Romsdal 28.

Frp kjem til å kjempe med nebb og klør for at andre ferja på strekninga Åfarnes-Sølsnes skal bestå, og at takstaukar og innføring av det svindyre Autopass-direktivet, aldri vert ein realitet her i fylket!

Frp har fremma eit alternativt budsjett og økonomiplan som syner at det ikkje er særleg vanskeleg å kutte 112 mill. kr i året i fylket, med eit totalbudsjett på heile 5,77 milliard kr.

Vi kuttar i alle sektorar i administrasjon, noko som synes å vere totalt verna av fylkesrådmannen og fleirtalet.

Vi kuttar i ikkje lovpålagde område i drifta, og vernar vidaregåande skule, ferjedrifta og kollektivsatsinga.

«Skal ein barbere seg, trenger ein ikkje barbere av seg halve haka»