Leserbrev:

Historisk løft for barnefamilier

"Ein god barndom varer heile livet."

Solrun Røsvik Sørli er KrF sin førstekandidat.   Foto: Arnt Øyvind Siem

Leserbrev

Noko av det aller viktigaste vi som samfunn kan gjere, er å legge til rette for at barna våre får ein trygg og god oppvekst. Ein god barndom varer heile livet.

KrF er opptatt av å styrke familiane, ikkje styre dei. KrF vil gi familiane valgfriheit, fleksibilitet og tillit. KrF jobbar for auka barnetrygd, fleksibel fordeling av foreldrepermisjon mellom mor og far, kontantstøtte, eit godt barnevern og god voksentettheit i barnehage og skule. Bemanningsnorma i barnehage og skule skal følgast opp slik at ein sikrar at kvart enkelt barn blir sett. KrF er på familiane si side.
For barn over 6 år, kjem fritidskortet. Det skal gi alle barn muligheit til å delta i fritidsaktivitetar - uavhengig av foreldra si lommebok.

KrF har gjort ein forskjell for barnefamiliane. Det arbeidet vil fortsette. KrF har også fått inn i regjeringsplattforma: Auka eingongsstønad for den som får barn og rett til foreldrestipend i overgang mellom utdanning og jobb.

I kommunepolitikken trengs også KrF. Vi vil ha eit våkent blikk på barnas behov i nærområdet vårt. Familiane treng KrF. Vi håper på di stemme på valgdagen!