Leserbrev:

SV si «skryteliste»

Per Arne Skomsø.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Dersom eg skulle lage ei liste over det SV har fått til i kommunestyret den siste perioden, så ville denne lista bli kort. Grunnen er matematisk. Med 2 av 27 representantar er det ikkje så mykje ein får gjennomslag for utan å samarbeide med andre. SV søkte naturleg nok eit «raudgrønt» samarbeid, med Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Det vart fleirtal for dette ved valet, men på grunn av ei trist hending under konstitueringa, kom vi likevel i mindretal.

Perioden starta difor med frustrasjonar på høgt nivå, når det i sak etter sak vart eit stemmetal på 14 mot 13. Mistrua mellom «blokkene» var stor, og tilliten liten. Sjølv om «dei raudgrøne partia» samarbeidde for det meste godt, var det vanskeleg å nå fram med noko som helst. «Høgresida» kunne stå på sitt, og det gjorde dei, dei hadde jo fleirtal.

Dette kunne ikkje halde fram, det er ei grense for kor depressiv det er sunt å bli. Eg for min del har difor i dei to siste åra prøvd å vere rausare enn eg brukar å vere, litt mindre retorisk hardtslåande, og ha eit glimt i augo når eg har vore i form til det. Det har vore mitt vesle bidrag til å opne døra mellom blokkene, på gløtt. Andre har også gjort sitt, m.a. Magnhild og Renate.

I alle fall har klimaet i kommunestyret vorte om lag 37% betre. Det har hendt fleire gonger at «Høgresida» har komme i mindretal, ved at eitt eller to av småpartia på denne sida har delt seg på midten. Ja det har faktisk også hendt at «dei raudgrøne» har fått sine framlegg samrøystes vedtekne eller med stort fleirtal. Tida for mirakel er ikkje forbi.

SV har i denne perioden, og i alle periodar vore konsekvent på at vi ikkje vil ha ei ytterlegare privatisering av skular og barnehagar i kommunen. Vi har røysta for at Måndalen bør få ny barnehage og ny/opprusta skule, og at Leiktun barnehage treng ei større oppgradering. Men vi har ikkje ivra for meir pengar til gater i sentrum no, sjølv om sentrum måtte gjerast noko med. Det såg ikkje ut der. Vi har prioritert skular og barnehagar etter at Helsehuset, omsorgssenter og Åndalsnes sentrum har fått store investeringar dei siste åra.

Perioden starta med ein heit debatt om Helsehuset skulle ha «kok-server» eller «kok-kjøl». Vi har meint heile tida at «kok-server» er det beste på Helsehuset. Og slik har det blitt etter kvart.

Nei, det er ikkje så mykje å skryte av. Men det kan bli betre etter neste periode, dersom dei «raudgrøne» partia held fram med samarbeidet sitt, og dei får fleirtal ved valet.

Og at dette fleirtalet held gjennom konstitueringa. I så fall har eg eit godt framlegg til ordførar. Etternamnet startar på W.