Leserbrev:

Ja til mobbefri barnehage og skule

Janne Søvik.  Foto: Stine Vandevjen Olsen

Leserbrev

Alle parti, alle politikarar, alle føresette, alle som arbeider med barn og unge ønsker ein mobbefri barnehage og skule. Som mange veit kan mobbing få store konsekvensar. Foreldre, dei som arbeider i skulen og elevane sjølv må få kunnskap om kva spor mobbing kan sette, i kroppen og i hjernen. Mobbing kan gi varige skader både fysisk og psykisk. Denne kunnskapen må ut til alle.

Eg er enig med Renate Solheim og Høgre i at vi bør ha ein fellesdugnad for å få bort mobbing, at vi skal ha nulltoleranse for mobbing i barnhage og skule, men også ellers, i arbeidsliv, frivilleg arbeid og i politisk arbeid. Mobbing kan snike seg inn over alt, dessverre.

Eg er likevel litt usikker på Høgres forslag om at eit mobbeombod vil vere det mest effektive tiltaket mot mobbing ettersom vi allereie har eit mobbeombod. «Kristin Øksenvåg er mobbeombod for barn og unge i alle barnehagar og grunnskolar i Møre og Romsdal. Alle barn og unge som går i barnehagen og på skolen har rett til å ha det bra, og den viktigste oppgåva til mobbeombodet, er å passe på at denne retten blir oppfylt». Slik sett treng vi ikkje fleire ombud eller saksbehandlarar, men vi treng fagfolk med kompetanse på miljøarbeid, inn i skulen, slik vi i Arbeidarpartiet har foreslått i vårt program for 2019-2023.

Skulen treng, i tillegg til lærarar, miljøterapeuter (barnevernpedagogar, sosionomar, vernepleiarar). Fagfolk med spisskompetanse på å tilrettelegge for sosial samhandling. Ein vaksen som er i lag med elevane, på leikeplassen, i gymsalen og i klasserommet. Fleire og fleire kommunar har positive erfaringar med dette, også i Møre og Romsdal.

Barn og unge er ei fanesak for Arbeiderpartiet, lokalt og sentralt. I tillegg vil vi jobbe for eit tettare samarbeid mellom barnehage og skule, barnevern, helsevesen og familiar – til barnets beste.