Lesarbrev:

Ynskjer SP full fart på Møreaksen?

Frank Sve  Foto: Fremskrittspartiet

Leserbrev

Når vi ser kva Ola Borten Moe og Kristin Sørheim i SP seier om framdrifta for Møreaksen, bleiknar håpet om støtte derifrå for utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen.

Rett og slett skremmande, var det å sjå intervjuet i Romsdals Budstikke med SP sin nestleiar Ola Borten Moe og Kristin Sørheim ang framdrift og opphausing av Møreaksen.

Begge desse to frå SP veit at dagens Nasjonale transportplan er vedteken fram til ny plan vert presentert til ny behandling i Stortinget i 2021.

Fram til då ligger Møreaksen i NTP i siste periode, frå 2024-2031 og er overhode ikkje på nokon som helst måte fullfinansiert med sine 6 milliard kr av 37 milliard kr i totalkostnad.

Skal ei utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen kunne bli gjennomført, må fylkestinget gjere eit vedtak om dette etter valget i haust, der dei ber om dette til regjeringa, som igjen kan bringe dette inn for stortinget til ny NTP- behandling.

At SP og Kristin Sørheim heile tida har forsøkt å få sitt parti med på ei utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen veit vi godt, men det er no svært trist å sjå at Sørheim no klart og tydeleg vert sett på plass av sin eigen nestleiar i partiet sentralt.

SP kan altså ikkje i denne saka  «spele på to hestar» - og det er dessverre trist å sjå at dette partiet ikkje ynskjer å lytte til både næringsliv og innbyggjarar her i fylket, og faktisk utgreie reelt flytebruer og Romsdalsaksen.

Møre og Romsdal FrP vil derimot fortsatt arbeide for ei utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen for kryssing av Romsdalsfjorden.

Vi har fortsatt eit godt håp om at fylkestinget etter valet kan få eit fleirtal for ei likeverdig utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen.

Fram til dette prosjektet kan kome igang, vert det viktig å få på plass den 5 ferja over Molde- Vestnes, samt auka frekvens og styrka nattilbod for både dette sambandet og ferjesambanda til Midsund og Aukra.