Lesarbrev:

- Vågstrandingar og måndalingar har til alle tider samarbeidd om Svartevatnet

- Svartevatnet har i alle år vore brukt i fellesskap av vågstrandingar og måndalingar, skriv Olav Asbjørn Moen i sitt lesarinnlegg.  Foto: Inger Helen Rødal

Leserbrev

Til Rauma kommune og Kartverket:

Svartevatnet: Det var med stor undring eg las artikkelen på side 2 i Åndalsnes Avis tirsdag 9. juli.

Svartevatnet har i alle år vore brukt i fellesskap av vågstrandingar og måndalingar, dei har samarbeidd om kultivering, yngel og settefiskutsetting, og har hytte/naust på kvar si side av vatnet.

Forslag til grensesetting:
Frå Blåstolen til Trollstolen, ned til Vågsskardet(Moskardet), vidare opp til høgste punk på Langfjellet, eventuelt rett linje Trollstolen – høgste punkt Langfjellet, der ifrå i rett linje til Venåsdalstinden (Svartevasstinden). Ei slik grense vil etter mi meining samsvare med dei eksisterande eigedomsgrensene i fjellet mellom bygdalag – kommunegrense og eigedomsgrense vil samsvare.

Linja Blåstolen–Trollstolen–Vågsskardet (Moskardet) samsvarar med eit gamalt kart over Romsdals Amt frå 1861. Vasskillet (kva veg vatnet renn) var den tid ofte det vanlege grunnlaget for grensesetting mellom bygdalag.

Frå Vågsskardet (Moskardet) fylgjer denne linja vidare etter vasskillet nord-nordvest for Svartevatnet og opp til grensa til Vestnes.

Kva endringar og justeringar som har vore siden den tid (1861) har ikkje underskrivne kjennskap til, men gjennom det før beskrivne forslaget til grensesetting vil tiders bruk av land og vatn etter mitt syn verta oppretthalde for alle partar.