Leserbrev:

Prioriter borna dykkar!

"Skulen i Måndalen er ei skam for kommuna!"

Norlaug Søvik og Ottar Lillestøl meiner det er på høg tid at skulen vert utbetra. 

Leserbrev

Vakre Rauma kommune, med Åndalsnes by som er omkrinsa av idylliske bygdesamfunn, er ei fryd å vitje. Vi er så heldige å ha familie å besøkje her. Stor stas er det at eldste barnebarnet vårt skal byrje på skulen denne hausten. I den anledning hadde vi lyst til å sjå skulen ho skal byrje på i Måndalen.

Stolt gjekk jenta i førevegen og skulle vise besta og besten skulen. Vi prøvde så godt vi kunne å vise positivisme, for å glede barnebarnet. Men ... , for ein skuffelse det vart å sjå skulen og uteområdet som desse små skal benytte! Eit bygg som ber preg av forfall, og eit uteområde som det ser farleg ut å ferdast i.

Boss, øydelagde fotballmål som låg slengt tilfeldig utover, restar av «hesjestrengar» og anna avfall var det som møtte oss der. Ein benk vi skulle sette oss på var opprotna, og burde vore fjerna. Uteområdet som ser ganske stort ut, kunne ha vore eit eldorado for borna, men slik det er no, kan det rett og slett vere farleg å ferdast der.

Vi undrar på korleis skulebygget ser ut innvendig.

Har høyrt at det skal gå 115 elevar på denne skulen til hausten! Då er det jammen på høg tid at skulen vert utbetra!

Vi tenkte at i denne kommuna er nok alt på stell. Det med bakgrunn i at det vert investert i prosjekt som er «luksus», slikt som kjem i andre rekkje etter at barn,unge og eldre har fått det som er naudsynt for å ha ein god og rettsmessig levestandard.

Skulen i Måndalen er ei skam for kommuna!

Vi kjem med ei oppfordring til dei som styrer her i Rauma!

Prioriter borna dykkar! Det er dei som skal ta over ein dag!