Leserbrev

Når vi ikkje lærer

"Treng vi bygge Europas største vindkraftverk gong etter gong, monument over vår tids galskap?"

Leder i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden.  Foto: Ellinor Rørvik Lothe

- Treng vi øydelegge store delar av dei naturområda vi har igjen som har mest natur, spør Øystein Folden.  Foto: Kjell Herskedal / NTB scanpix

Leserbrev

Det er nokre som har tenkt at alle problem skal løysast, og svaret er vindkraft, seier dei. Du verden kor gale det då kan bli.

Dei eldste mellom oss husker korleis det blei gjort den gongen det var verkeleg mørkt i lampa, eller at det ikkje var lyspære i det heile. Då la dei store dalar under vatn og temma store fossar. Det løyste problemet den gongen, og det gjekk etter måten fort. Men framleis er det mange som er bitre for det som blei gjort. Det blir framleis sendt delegasjonar til Oslo for å få retta opp i alle fall litt av det som blei gale den gongen. Dei kjem nesten like bitre tilbake, med knappar og glansbilete som resultat.

Sjølvsagt er det bra at det kjem ein liten skvett i fossen i Verma igjen, så turistane får postkortbiletet sitt. Samtidig er det nokre som nyleg tenkte at Nøvedalselva i Ørsta har altfor mykje kraft i seg til å renne fritt så langt som elva gjer. Kraftindustrien har tungt for å lære. Heldigvis sa NVE nei og nekta konsesjon. Dei sa nei til eit prosjekt i Langedalselva i Stranda og oppdemming av Instebotnvatnet i Vestnes også. Men det er mange nok som har kjempa for at det ikkje skulle bli lagt i røyr denne gongen også.

Då vasskrafta blei utbygd blei det gjort kjempestort. Det var naturinngrep og andre inngrep av typen enorme. Det er ikkje mogleg å tenkje seg at skadane kan rettast opp igjen.  

Vi bygger framleis ut vasskraft i Noreg. Men det har skjedd ei endring. Det har vore inngrep i den seinare tida også. Ein del av dei prosjekta som er bygd har slett ikkje vore bra for natur og folk. Men Naturvernforbundet har sett at kring ein tredel av søknadene ikkje har hatt verre konsekvensar enn at vi har latt dei passere. Dette fordi ein har unngått utbygging av strekningar som har spesielle kvalitetar, og lagt vekt på løysingar som gjer konfliktane mindre. Vi får ikkje så mykje straum som vi ville ha fått om utbyggar kunne ha gjort som han ville. Men det er rikeleg nok med straum til alle, om vi veit å bruke straumen med vett.

Kan ikkje vindkraftindustrien lære av dette, og leite opp dei prosjekta som er gode og med små konfliktar? Treng vi bygge Europas største vindkraftverk gong etter gong, monument over vår tids galskap? Kan vi gjere dette annleis? Treng vi øydelegge store delar av dei naturområda vi har igjen som har mest natur? Lar det seg gjere å produsere vindkraft i litt mindre skala og plassere turbinane i område som er bygd ut på ulike vis frå før? Vi treng ikkje digital valuta, vi treng ikkje reise meir enn vi alt gjer, vi treng ikkje større hus heller. Det er mykje vi ikkje treng. Vi treng ikkje så mykje straum, og vi kan godt betale kva det kostar for at produksjonen ikkje tar livet av naturen vår sivilisasjon er basert på.

Skitne løysningar med grøne flekkar på er ikkje bra nok.