Debattinnlegg:

Romsdalsaksen for miljøet

Bjørn Jacobsen.  Foto: Evy Kavli

Leserbrev

Lastebileigarane utfordra meg til å gje gode grunnar for miljø og samferdsle. Då spesielt undersjøiske tunellar. Ned og opp ein tunell med 50 tonn last gjer eit enormt større dieselforbruk og arbeidsmiljøet til sjåførane er deira grunn til å gå mot den undersjøiske tunellen som ligg i Møreaksen. Eg er glad for at lastebileigarane går fremst og tek ansvar for det globale miljøet mens Vegdirektoratet og Vegvesenet legg til side sine eigne visjonar!

Ingen vil ha eit slikt undersjøisk monster som skapar frykt for folk flest og gjer arbeidskvardagen utriveleg for næringstrafikken. Om ein først skal velje Møreaksen, korfor då ikkje med bru over til Tautra og så flytebru vidare? Korfor tek ein ikkje omsyn til livsmiljøet til folk flest? Ingen er vel i tvil om at slik ein frykt undersjøiske tunellar skapar for folk, går ut over livskvaliteten til mange.

Duren av Europaveg vil folk mellom Lønset og Kvam i Molde få kjenne på og likeins i Vestnes. Betyr ikkje bomiljøet til folk i by og tettstadar noko som helst for planleggarane? Har dei lagt vekk alle mål dei har i eigen etat og alt dei lærte på skolen? Staten skal bygge ein Europaveg gjennom Molde og folk skal betale opp til 2,5 milliardar i bompengar for å få tungtrafikken gjennom byen. Eg går til val på og seier nei til bompengar som leiar trafikken inn der folk bor når det finns alternativ.

Veøya var den mest sentrale stad i Romsdal amt. Her for båtane inn til Eidsvågen og blei dratt over til Sunndalsfjorden når det stod på som verst med veret på Hustadvika. Veøya er ein historisk skatt og betyr mykje for det historiske miljø. Veøya kan igjen bli det mest sentrale punkt i Møre og Romsdal. Med respekt for det verna området på nordsida av øya kan ein bygge veg og stoppestad for turistar på sørsida. På Veøya ligg ei historie og ein turistattraksjon som knapt nokon får sjå som no kan verte tilgjengeleg for alle. Dette skjer på den vegen som bind i hop Atlanterhavsvegen med Geiranger og så langt unna dei mørke tunellhol ein kan komme.

E 39 skal knytte i hop fylket og då må vi tenke samferdsle for heile fylket vårt. Vi kan ikkje rekne med at nord og sunnmøringar vil innom Otrøya når dei skal raskt gjennom fylket. Skal vi skape eit politisk miljø for samhald i fylket vårt brukar vi ikkje Europavegen til fastlandsforbindelse i Molde kommune.

«Brua var ved åpningen verdens eneste utan sideforankring» Slik står det på Wikipedia om Bergsøysundbrua på Nordmøre som ble bygd i 1992 og freda av Riksantikvaren i 2007. Det teknologiske miljøet i Møre og Romsdal vil tene masse på å få vere med å vidareutvikle bygging med stål og flytepontongar som flytebru gjer muleg. Er det nokon som trur at det ikkje er muleg å kjøre på vatnet i staden for 400 meter under? Slepp ingeniørane og metallarbeidarane til!

Som folkevalt har det vore flott å sjå ei gruppe folk på Vestnes som på fritida har klart å greie ut og legge fram eit alternativ som held mål, Romsdalsaksen. Dei har utvida det demokratiske miljø. Romsdalsaksen treng ytterligare utgreiing. Eg er skremt over det demokratiske miljø blant politikarar som seier at det er lite demokratisk å jobbe for ei alternativ løysing. Dette er politikarar som for å bygge jernbane på austlandet må bygge ein motorveg attmed. Pengar som skulle ha vore brukt her hos oss. Folk som skal pendle på jobb og lastebilsjåførar som er på jobb, inn og ut av Oslo, prioriterast etter folk som skal på hytta på austlandet.

Slik er politikken og eg er meir skremt av at embetsverket så til de grader ikkje tek inn over seg sine eigne mål. Vegdirektøren seier på spørsmål frå NRK at det er berre å sette trafikken frå Europavegen inn i Molde og under havet. Alternativ skal ikkje utgreiast. Embetsverket skal normalt vere til for alle, men i denne saka er det sterk slagside og eg trur at det er mindretalet og Ormen Lange pengar som får hjelp til utgreiing. Godt då at fagfolka i lastebileigarforbundet som står for næringstrafikken tek til motmæle mot undersjøiske tunellar.

Så får vi sjå når vi kjem til statsbudsjett om kalkylane held. For det samfunnsøkonomiske miljø må det vere trist å sjå at kapasiteten til Tresfjordbrua nyttas til om lag 10 prosent. Finns der så mykje pengar at Tresfjordbrua berre er til å flire av for politikarane og planleggarane? Har vi så god råd at vi ikkje kan kople E 39 frå Nordmøre og Romsdal på Eksportvegen frå Sunnmøre der dei naturleg møtast?