Bevaring av jordbrukets kulturlandskap krev innsats og engasjement

"Vi vil oppfordre alle til å nominere ein kandidat for kulturlandskapsprisen 2019."

- Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal er ei påskjøning for dei som gjer ein ekstra innsats for å ta vare på og synleggjere verdiane som finst i kulturlandskapet, seier Rigmor Brøste i denne kronikken.   Foto: Vidar Knai / NTB / Scanpix

Rigmor Brøste  Foto: Fylkesmannen

Leserbrev

Jordbrukets kulturlandskap representer store verdiar knytt til biologi, kulturhistorie og opplevingar. Bevaring av desse verdiane er avhengig av kontinuerleg bruk og vedlikehald, og dette krev betydeleg innsats og engasjement. Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal er ei påskjøning for dei som gjer ein ekstra innsats for å ta vare på og  synleggjere verdiane som finst i kulturlandskapet.

Kva er eit kulturlandskap?

Omgrepet kulturlandskap er ikkje eintydig, men har ulikt meningsinnhold for ulike grupper og individ. Ein forenkla definisjon er at kulturlandskap er landskap som på ulike vis er påverka av oss menneske. På den måten kan ein seie at det finst ulike typar kulturlandskap, der utnytta fjell- og beiteområde er den eine ytterlegheita og urbaniserte byområde er den andre.

Verdiar og variasjon

Mange vil forbinde omgrepet kulturlandskap med jordbrukslandskapet. Dette er landskap som jordbruket gjennom hundre års drift har skapt- og stadig held fram med å skape. Jordbruks- landskapet speglar ein del av vår utviklingshistorie. Både gjennom fysiske gjenstandar, tradisjonar og kultur.

Verdien av jordbrukslandskapet er knytt til variasjon. Variasjon i driftsformer som slått, beiting og brenning har gitt opphav til viktige naturtypar som slåttemark, beitemark og kystlynghei. Desse naturtypane har lagt til rette for eit stort mangfald av plantar og insekt. Dette artsmangfaldet har ein eigenverdi, men også ein nytteverdi gjennom dei tenester, produkt og gode vi får frå naturen.

Variasjon i landskapet pregar også utforminga av kulturminne, som rydningsrøyser, steingjerde, og utløer. I tillegg til dei fysiske kulturminna rommar også jordbrukslandskapet ein immateriell kulturarv, som kunnskap om driftsmetodar, handverksferdigheiter, mattradisjonar og sosiale skikkar. Kulturminna og kulturarven fortel oss mykje om vår forhistorie, gjev oss identitet, opplevingar og er ein ressurs for lokal verdiskaping og utvikling.

Jordbrukslandskapet har også store estetiske verdiar som har tyding for vår trivsel og livskvalitet. Forsking viser at varierte kulturlandskap verdsetjast særleg høgt. Et vakkert og variert jordbrukslandskap bidreg til å støtte reiselivsnæringane, kulturaktørar og matprodusentar.

Endringar i jordbrukslandskapet

Utviklinga av eit kulturlandskap tek tid, og det består av mange varierte og samansette verdiar. Bevaring av kulturlandskap handlar derfor om å bevare heilskapar.

Ingen kulturlandskap er uforanderlege, og dei endrar seg i takt med den økonomiske og teknologiske utviklinga i samfunnet. Jordbrukslandskapet endrar seg hovudsakeleg av to ulike grunnar; enten intensivering og rasjonalisering av jordbruksproduksjonen, eller avvikling og nedlegging.

I begge tilfella vil mykje av variasjonen i jordbrukslandskapet forsvinne, og føre til at verdiar knytt til biologi, kulturhistorie og opplevingar vert forringa eller går heilt tapt.

Ein felles innsats for jordbrukets kulturlandskap

Bevaring av kulturlandskapet handlar ikkje om å motsette seg alle endringar i jordbrukslandskapet. Det handlar om å ta vare på og vidareføre den meir tradisjonelle drifta parallelt med den moderne drifta. På denne måten kan vi ta vare på mange av verdiane som jordbrukslandskapet representerer. Både dei som blei skapte i fortida, men også dei som skapast i nåtid og framtid.

Dei siste tiåra er det kome på plass fleire tilskotsordningar som skal bidra til å ta vare på verdiane i jordbrukets kulturlandskap. Et eksempel er satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL), som er et tverrfagleg samarbeid mellom landbruk-, miljø- og kulturminnemyndigheitene. I dag er det utpekt 46 slike område, derav tre ligg i Møre og Romsdal; Fjellgardane i Øvre Sunndal, Alnes på Godøya og Hjørundfjorden - Norangsdalen.  

Bevaring av kulturlandskapet er til sjuande og sist avhengig av at enkelpersonar gjer ein ekstra innsats for å ta vare på og synleggjere verdiane dei store verdiane som finst i kulturlandskapet.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris for å setje fokus på den innsatsen dei gjer, og på den viktige rollen som jordbruket har som forvaltar av kulturlandskapet.

Vi vil oppfordre alle til å nominere ein kandidat for kulturlandskapsprisen 2019. Prisen kan gjevast til aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag eller andre typar fellestiltak. Gå inn på Fylkesmannen si heimeside for meir informasjon om prisen, og for å nominere din kandidat innan 31. mai. (www.fylkesmannen.no/klprisen2019)