Debattinnlegg:

Framleis uvisse om eigedomsskatten

"Ein slik debatt kunne gitt raumaværingane svar på kvifor vi har blant landets dyraste eigedomsskatt."

Kristoffer Bakke.   Foto: Arnt Øyvind Siem

Leserbrev

Kristoffer Bakke, Rauma Høyre

Torsdag ettermiddag gjekk eit fleirtal i kommunestyret imot det framsette forslaget om å redusere eigedomsskatten for resten av 2019, med bakgrunn i det gode resultatet i Rauma Energi. Dette strakstiltaket kunne betra situasjonen for dei innbyggarane som i dag betalar ein rekordhøg eigedomsskatt, som følgje av eit svært stramt kommunebudsjett for 2019. Forslaget fekk berre støtte frå Høyre, Fremskrittspartiet og Ellinor Torsgård Solheim, og resten gjekk imot.

La meg først understreke at eg i prinsippet er imot å gjere slike vedtak gjennom ein «interpellasjon», altså utan saksframlegg frå administrasjonen. Eit slikt saksframlegg er til for å avdekke fordelar og ulemper med eit slikt vedtak, og dessutan å kontrollere lovlegheita i det. Eg har derfor respekt for at nokre av dei som i utgangspunktet ville støtta ein reduksjon i eigedomsskatten, valde å gå imot realitetsbehandlinga av saken i denne omgangen.

Det er likevel synd at fleirtalet i kommunestyret ikkje ønska å ha ein debatt om dette temaet, når så mange av innbyggarane våre blir påverka av denne skatten. Ein slik debatt kunne gitt raumaværingane svar på kvifor vi har blant landets dyraste eigedomsskatt, og kanskje ei forsikring om at ei justering vil skje så snart som råd. No sitt vi dessverre igjen utan nokon forsikring om verken det eine eller det andre.

Det mest ansvarlege? I desember vedtok kommunestyret eit budsjett som skulle berge ein økonomisk situasjon som kunne sjå ut som ei lita krise. På torsdag fekk Høyre ros av opposisjonen for å vere ansvarlege då vi gjekk med på å auke eigedomsskatten til maksimalsatsen i desember, og vi blei bedt om å «vere ansvarlege nok ein gang». Etter å ha snakka med folk og lest reportasjar om innbyggarar som slit med den personlege økonomien sin på grunn av auka eigedomsskatt og høge straumprisar, er eg derimot svært skeptisk til påstanden om at ein eigedomsskatt på dette nivået er det mest ansvarlege.

Eit siste hjartesukk: I debatten om eigedomsskatt, er det enkelte som snakkar om å «bruke pengar på» å redusere satsen. Dette er i mine auge å snu det på hovudet. Desse pengane var i prinsippet aldri tilgjengeleg for bruk, men snarare eit ekstraordinært tiltak for at budsjettet skulle gå opp. No som det viser seg at vi ikkje lenger står i ei krise (sjølv om økonomien framleis er trong!), bør det første steget tilbake til normalen vere å la innbyggarane sleppe denne ekstra byrden.