Debattinnlegg

Kjære Vågstranding

Janne Søvik.   Foto: Privat

Leserbrev

Ikkje bytt kommune, ikkje flytt ifrå oss, vi treng deg.

Idretten, skulen, kirka, musikkliv, kultur og tradisjonar treng deg. Næringsliv, handelstand og politikken treng deg. Nabobygdene treng deg, sentrum, heile Rauma treng deg. Du er ein viktig del av oss.

Du har pågangsmot og arbeidslyst, du er talentfull og sprek, du har dugnadsånd, du er sosial og morsom, du er modig og ærleg, du er impulsiv, du er klok, du er ide’rik og nytenkande, du seier ifrå når nok er nok. Dette sett vi pris på.

Ikkje bytt kommune, ikkje reis ifrå oss, vi vil stå opp for deg, vi vil stå saman med deg. Du hører til her hos oss. Du er ein viktig del av oss.