Kronikk

Helsehuset i Rauma – eit risikoprosjekt

"Såframt det ikkje blir ein ny runde i Høgsterett, og det nålauget er trongt, enda det likevel godt for Rauma kommune denne gongen."

Rauma kommune vant i lagmannsretten.   Foto: Hogne Bø Pettersen

Ingvild Slettebø.  Foto: Privat

Roger Sporsheim  Foto: Privat

Leserbrev

Frostating lagmannsrett gav 22. mars 2019 dom i den såkalla «Helsehus-saka», og frifann Rauma kommune for erstatningskravet på 25 millionar kroner. Det var ein knipen siger, og etter vårt syn kom lagmannsretten til eit uriktig resultat.

Erstatningskravet var fremja av Veidekke Entreprenør AS i kjølvatnet av anskaffinga av nytt helsehus i kommunen. Veidekke fekk fullt medhald i tingretten, men Rauma kommune anka og fekk altså nyleg medhald i lagmannsretten. Saka er ikkje rettskraftig enno, og kan bli anka til Høgsterett.

Same dag som dommen vart gjeven uttalte ordførar Lars Olav Hustad følgande til Romsdals Budstikke: «Sånn umiddelbart så er vi selvsagt glade for at lagmannsretten har gitt oss medhold i det vi har vært klare på hele veien – at vi har holdt oss godt innenfor regelverket i anskaffelsesprosessen.»

Vi håpar dette var ei politisk utsegn frå Hustad si side, der han freista å gje inntrykk av at kommunen hadde betre kontroll enn dei faktisk hadde. For det var ikkje nokon  «klar» siger til kommunen i lagmannsretten. Tvert imot vart dommen gjeven under dissens (2-1), der mindretalet konkluderte med at kommunen hadde brote anskaffingsregelverket. Lagmannsretten kom også samrøystes til at kommunen måtte dekkje eigne sakskostnader, som sikkert er monalege etter to fulle rundar i rettsapparatet, nettopp fordi saka var såpass tvilsam.

Krav om avvising av tilbod

Bakgrunnen for saka er at Rauma kommune i 2015 gjennomførte ein anbodskonkurranse om å byggje nytt helsehus. Etter regelverket om offentlege anskaffingar har ein oppdragsgjevar plikt til å avvise tilbod som inneheld vesentlege atterhald/avvik mot kontraktsvilkåra eller konkurransegrunnlaget. Dette fordi leverandørane skal bli likebehandla og konkurrere på like vilkår.

I den aktuelle konkurransen vart HENT AS tildelt kontrakt, medan tilbodet frå Veidekke vart vurdert som nest best. Veidekke gjorde imidlertid gjeldande at HENTs tilbod skulle ha vore avvist, og kravde erstatning for den positive kontraktsinteressa (det vil seie den fortenesta Veidekke ville hatt om dei hadde fått kontrakten) på over 25 millionar kroner.

For det første meinte Veidekke at HENT hadde teke eit vesentleg atterhald om risikoen for grunnforholda. Dette vart ikkje Veidekke høyrt med i lagmannsretten.

Meir interessant er det andre grunnlaget som vart gjort gjeldande. Dette var synspunktet om at tilbodet frå HENT inneheldt eit vesentleg avvik frå konkurransegrunnlaget, knytt til bruken av eit areal på sørsida av helsehuset. Slik Veidekke oppfatta konkurransegrunnlaget, var det eit krav frå oppdragsgjevar at det aktuelle arealet skulle vere eit reint gangareal, der det berre var tillate med varetransport.

Veidekke viste til at arealet var regulert til «Gangveg/gangareal/gågate» i utkast til reguleringsplan, noko som ikkje opna for køyring (utover varetransport). Konkurransegrunnlaget opna for at løysingsforslaga kunne «utfordre» denne planen, men med visse unntak. Av tilhøva som ikkje kunne utfordrast, var det mellom anna presisert at «[h]ovedprinsipp for veg- og parkeringsløsning fra reguleringsplanen skal opprettholdes».

I løysinga til HENT vende hovudinngangen sørover, og på det aktuelle arealet var det føreslått tilkomst i form av einvegskøyring for taxi og av- og påstiging for pasientar.

Veidekke var av det syn at dette var eit vesentleg avvik som hadde gjeve HENT ein fordel i konkurransen. Dette fordi HENT då kunne gå for løysingar som Veidekke, som forheldt seg til at dette skulle vere eit reint gangareal, var avskorne frå. Desse løysingane var HENT også blitt premierte for i tildelingsevalueringa.

Rettens vurderingar

I tingretten fekk Veidekke medhald i at løysinga til HENT var eit vesentleg avvik, noko også mindretalet i lagmannsretten var samd i. Mindretalet viste mellom anna til at «[s]elv med de begrensninger som ligger i at det skal være enveiskjøring, og kun av- og påstigning, vil en slik løsning generere vesentlig mer trafikk enn kun varetransport, som er det reguleringsplanutkastet legger opp til».

Fleirtalet i lagmannsretten kom på si side til at denne løysinga ikkje var å rekne som eit vesentleg avvik, og at det dermed heller ikkje var grunnlag for å tilkjenne erstatning. Dette vart mellom anna grunngjeve med at løysinga «i liten grad [vil] sjenere gangtrafikken gjennom området».

Risikable vurderingar

Vi er som nemnd samde med tingretten og mindretalet i lagmannsretten. Etter vårt syn er den type trafikk som HENTs løysing inneber noko heilt anna enn den arealbruken som var fastsett i planutkastet, som var eit reint gangareal der det berre var tillate med varetransport. Som også lagmannsrettens mindretal er inne på, er det illustrerande at løysinga til HENT gjorde det nødvendig å endre arealkode på reguleringsplanen i ettertid.

Slik vi oppfattar dommen er det uansett berre nyanseskilnader som gjer at fleirtalet og mindretalet endar med ulikt syn. Saka er difor eit godt døme på kor konkrete og vanskelege grensetilfelle oppdragsgjevar kan hamne i når det gjeld spørsmål om avvising.

Saka viser også kor viktig det er å lande på riktig side i slike vurderingar for å unngå monalege erstatningskrav. Ei feilvurdering eine eller andre vegen vil nemleg kunne føre til erstatningsansvar overfor den av tilbydarane som skulle hatt kontrakten om alt hadde gått rett føre seg. Dette gjeld både dersom oppdragsgjevar urettmessig avviser eit tilbod, og der oppdragsgjevar let vere å avvise eit tilbod som skulle ha vore avvist.

Det er difor viktig at offentlege oppdragsgjevarar er medvitne på dei moglege fallgruvene i prosessen, og har tilgang til nødvendig fagkompetanse. Dette gjeld ikkje berre ved tildelingsevalueringa – det førebuande arbeidet med konkurransegrunnlaget o.l. er vel så viktig. Til dømes ville truleg usemja om arealbruken i denne saka ha vore unngått om konkurransegrunnlaget hadde vore klårare.

Såframt det ikkje blir ein ny runde i Høgsterett, og det nålauget er trongt, enda det likevel godt for Rauma kommune denne gongen.