Debattinnlegg:

Til alle som bur på Vågstranda

"Vi er ueinige om mykje. Men i dette spørsmålet står vi samla."

  Foto: Stine Vandevjen Olsen

Leserbrev

Vågstranda er no inne i ein prosess for grensejustering. Alle som bur i bygda vil bli spurt om kva kommune dei vil vere ein del av i framtida. Resultatet av den spørringa vil truleg vere avgjerande for om Vågstranda framleis skal vere ein del av Rauma, eller ikkje. Ein kvar som bur på Vågstranda må sjølvsagt få gjere opp si meining om dette på heilt fritt grunnlag.

Vi som har signert dette innlegget representerer ulike parti og ulike politiske syn. Vi er ueinige om mykje. Men i dette spørsmålet står vi samla. Vi vil gjerne at Vågstranda framleis skal vere ein del av Rauma kommune.

Vi trur på Rauma. Kommunen har gode skular og ein trygg eldreomsorg. Rauma har eit næringsliv og ein visjon som dei fleste andre kommuna kan misunne oss. Vi trur på vekst og optimisme for både by og bygd i framtida. Og med Rauma Energi som eit kommunalt eigd selskap trur vi også at Rauma etter kvart vil ha ein økonomisk handlefridom som få andre kommunar i landet.

Rauma skal nok overleve sjølv utan Vågstranda. Men det vil i så fall vere som ein kommune der noko vil mangle for alltid – der noko viktig er borte.

Derfor håper vi Vågstranda blir med på raumalaget inn i framtida. Saman med oss.

Pensjonistpartiet Rauma

Rauma Arbeidarparti

Rauma Fremskrittsparti

Rauma Høgre

Rauma Kristeleg Folkeparti

Rauma Miljøpartiet Dei Grøne

Rauma Senterparti

Rauma Sosialistisk Venstreparti

Rauma Venstre