Debatt

Ei tid som var

Ei tid vi må ta lærdom av, nå når sentraliseringsbølgen slår inn over store deler av landet vårt.
Leserbrev

Det har vore interessant å fylgje Edvard Hoem inn i hans slektshistorie, gjennom dei velskrevne bøkene han har utgjeve.

Bøkene har gjeve inspirasjon til å sjå meir inn i eiga familiehistorie. For også i vårt eige nærområde var det ei ung jente som vandra til fots til Kristiania for å få seg jordmorutdanning.

Denne ungjenta var Anne Lybergsvik frå Rødven, med familieband til Ottestad i same bygda. Anne vart fødd i år 1808 – det er lenge sidan det.

Heimkoma til fots etter ferdig jordmorutdanning vart Anne tilsett som jordmor i Kors sokn. I lista over Romsdal sokn viser det seg at jordmor Anne seinare vart tilsett som jordmor i Eid sokn. Ho gifta seg med Anders J. Friisvold (1805 - 1846) på nedre Frisvold i eidsbygda.

På si vandring som jordmor - frå heim til heim - bar Anne med seg sin eigen «jordmorkoffert», som var ei heimlaga lita blåmåla trekiste med ein jarnhank festa på loket – til å bære med seg dette såkalla «jordmorskrinet».

Til denne gamle jordmorhistoria høver vel ordtaket: «Ei tid var og ei anna vart». Ei tid vi må ta lærdom av, nå når sentraliseringsbølgen slår inn over store deler av landet vårt.