Lesarbrev:

Ein god politikk for heile Rauma

Svarer: Janne Søvik (Ap) svarer i dette lesarbrevet på Renate Soleim sitt debattinnlegg om Vågstranda skule.   Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Første bud for ein god politisk debatt er at ein ikkje tillegg ein motstandar eit anna synspunkt enn det ein faktisk har. Der sviktar det diverre for gruppeleiar i Rauma Høgre, Renate Soleim.

I eit lesarbrev fortel ho at Arbeidarpartiet vil frede Vågstranda skule og krev svar på om vi er opptekne av kostnader og læringsmiljø.

Problemet er at Arbeidarparti aldri har gått inn for ei slik freding. Tvert imot gjekk vi til val sist utan å gi ein slik lovnad (i motsetnad til fleire andre parti) fordi vi såg at den økonomiske utviklinga i Rauma var på veg utfor stupet, og at ein nedlegging ville kunne tvinge seg fram. Vi gjekk imot nedlegging av skulen i første budsjett, men den neste gongen hadde økonomien blitt så dårleg at vi ikkje såg anna råd enn å bli med på ei nedlegging.

I 2017 fekk Rauma uventa ein del midlar att i regnskapet. Arbeidarpartiet tok då initiativ til skulekompromisset der alle parti til slutt vedtok å legge ned Vågstranda skule, men ikkje iverksette vedtaket før ny skule var på plass i Måndalen. Vi trudde då at ein ny skule i Måndalen kunne kome fort på plass, og at det dette ville skape både ro og optimisme på Sørsida. Slik gjekk det diverre ikkje, og det må Høgre ta sin del av ansvaret for.

I motsetnad til Arbeidarpartiet, var Rauma Høgre nokså lausslupne med løfta før valet i 2015. Mellom anna lovde partiet å sørge for fortsatt drift av u-trinnet og oppgradering av Måndalen oppvekstsenter i perioden. Det var ein lovnad som viste seg ikkje å vere mykje verd.

I perioden har Rauma Høgre framlagt det eine argumentet og vedtaket etter det andre for å utsette skulestrukturdebatten. Det siste vedtaket (som sikra utsetjing) var ei undersøkjing for å få “eit betre beslutningsgrunnlag” før ein gjorde endeleg vedtak. I mellomtida har alle forsøk på å få fortgang i bygginga av ny skule i Måndalen blitt avvist.

Med den utviklinga i elevtal som Vågstranda skule har no, seier det seg sjølv at noko må gjerast, og det kan godt hende at hausten 2020 er riktig tidspunkt for nedlegging. Men vi har ambisjonar for ny skule i Måndalen, og vi meiner vi har tid til å vente på ny investeringsplan i april, før vi eventuelt må gå vekk frå kompromisset.

Det er nok mange årsaker til elevtalsutviklinga på Vågstranda, men ein av dem var kanskje nettopp den evige diskusjonen om framtida til skulen; at bygda gong etter gong vart tvungne til å kjempe for å bevare skulen og all den usikkerheiten rundt oppvektstilhøva på Vågstranda som det skapte.

No ser vi at neste slag står om ungdomsskolane på Sørsida og Nordsida. Kvar gong Høgre og fleirtalet skifter meining om u-skulane blir det skapt meir usikkerheit, og energien på bygdane må brukast på dette framfor meir offensive tiltak for å auke folketal og elevtalsgrunnlag.

Hvis dette skal bli ein ny evig diskusjon, er vi bekymra for kva konsekvensar det vil ha for bulyst og folketalsutviklinga i Rauma. Difor går Rauma Arbeidarparti til val på å skape ro rundt skulestrukturen dei neste fire åra. Ikkje berre vil det vere best for elevane, men vi trur det vil vere eit viktig fundament for å skape meir vekst og framgang for heile Rauma.