Kvifor melde seg ut av KrF?

Nils Valde.  Foto: Privat

Leserbrev

Det er med undring og sorg eg les om personar som står fram og utbasunerar at dei melder seg ut av Kristeleg Fokeparti. Når eg ser kven det er, så kan det ikkje vere fordi dei vil skade partiet? Det er då personar som har hatt tillit og har fått lov til å tene partiet på ymse plan i mange år. Eg lurer difor på kva forhold dei har hatt til KrF.

Personleg er eg takksam for at eg har fått lov til å tene partiet i snart 60 år i ymse verv. Eg har ikkje alltid vore einig i det som har blitt gjort. Somme gonger har eg ønska at det hadde blitt gjort andre valg. Men slik er det vel i alle parti. Skulle ein vere einig i alt, så måtte kvar ha sitt parti.

Men KrF har dekt det meste av det som eg ville arbeide for. Etter kvart har eg fått eit eigarforhold til partiet.

Ein har fått mange vener, og har blitt glad i partiet. Då er det slik at det er vanskeleg å forlate ein god ven. Kven skulle ein elles gå til? Spesielt er det vanskeleg å forlate ein god ven som er i vanskar. Då vil ein helst gjere kva ein kan for å hjelpe han eller ho på fote igjen.

Personleg meiner eg at ein kunne ha valgt annleis enn det som vart gjort no. Men fleirtalet meinte at ein ikkje skulle stå utanfor dei blokkene som har danna seg. Då får ein bøye seg for fleirtalet. Valget vart gjort på demokratisk vis. Sjølv om overvekta var lita, så var det eit fleirtal.

Men det viktigaste er at KrF sin politikk står fast. Det er ingenting der som har blitt endra. Spørsmålet er berre kvar ein kan få gjennomført mest. Vi er då eit lite parti med ein god politikk.

Vi hadde nokre gode forhandlarar som fekk forhandla fram ei god plattform for ei fleitalsregjering. Der er det tydelege avtrykk av KrF sin politikk. Begge sider har sagt at plattforma er god. Det er reist spørsmål om kva ein kunne ha fått med i samarbeid med den andre sida. Dei sterke utsegnene som har kome i media, har vist at KrF sine kjernesaker hadde hatt trange kår i samarbeidet med den andre sida som dei andre ville velge .

Det har vore så mykje snakk om raud og blå side. Det er vel ingen av oss i KrF som er korkje «raude» eller «blå», vi er vel gule alle saman!

No gjeld det berre å stå saman og «brette opp armane» og få gjennomført mest mogeleg av KrF sin politikk!