Debatt

No er det nok!

"Eg trur dei fleste som bur på bygdene i Rauma reagerer med sinne og vantru over disse namneforslaga."

Jon Venås fra Måndalen er ikke fornøyd med adressen han har fått.  

Leserbrev

Ja, langt meir ein nok. Er dette valdtekt av bygdenes tradisjonar, kulturarv og identitet? Våre tradisjonelle adresser bygger på disse verdiane. Grendenamna som er nedarva i generasjonar, har stor verdi for oss som bur på bygdene. Våre adresser må i størst mogleg grad bygge på disse verdiane.

Dersom namnekomiteens mandat var å redusere tilhøyring og identitet på bygdene våre, har komiteen gjort eit godt arbeid. Eg vil berre seie at eg er «såra og vonbroten», som Kjell Bondevik sa. Eg er født og oppvaksen på Venås og har hatt eit langt og godt liv i grenda mi. Og eg er stolt og glad av namnet på grenda.

Eg trur dei fleste som bur på bygdene i Rauma reagerer med sinne og vantru over disse namneforslaga. Vi har ikkje bedt om dei. Men dei skal treas nedover hovudet vårt. Den nye adressa mi skal visstnok vere Skarvegen 494. I tilfellet de skal ha et nummer, så kunne det vel settast framom tradisjonell adresse. Her er ingen stad som heiter Skare. Men på andre sida av Måna elv heiter det Skare. Det er nå vel ikkje å vente at ein kunne bruke eit tradisjonelt grendenamn.

Kvifor kunne ein ikkje til dømes kalle vegen frå og med Voll til med Bruaset for Måndalsveien sør + nr.? Og vegen frå og med Sæbø til og med Skare for Måndalsveien nor + nr.? Då hadde vegnamnet hatt tilknyting til bygda vår og kunne vore lettare å akseptere. I så tilfelle ville adressa mi bli: Jon Venås, Måndalsvegen nord 494, 6386 Måndalen.

Eg såg i Åndalsnes Avis at administrasjonen syntest at debattklimaet var hardt i Rauma. Er verkeleg det vanskeleg å forstå? Det heiter seg at det aldri er for seint å snu. Eg håper difor at administrasjonane vraker namneforslaget og erstattar det med noko som bygger på lokal namnetradisjon.