Debatt:

Kampen mot bompengar fortset

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) møter representantar frå Nord-Jæren til møte om bompengar. Her helser han på fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) i Rogaland.  Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

Leserbrev

Bompengar er eit heitt tema om dagen. Det er bra at folk engasjerer seg i saker som opptar dei. Samtidig kan debatten bli lite nyansert. Eg skal forsøke å vere tydeleg.

Nokon forsøker å gi inntrykk av at eg har sagt at bompengar er kome for å bli. Dette stemmer sjølvsagt ikkje. Eg ønskjer at vegar i Noreg skal vere utan bompengar. Likevel innser eg at livet ikkje er så enkelt. Stortingets fleirtal har sagt kor stor prosentdel av dei samferdselsprosjekta vi nå bygger som skal kome frå bompengar. Det må vi framleis legge til grunn. At Arbeidarpartiets medlemmer i transportkomiteen, som er for bompengar, er dei som ropar høgast no om dagen, synest eg er merkeleg.

Denne regjeringa løyver rekordmykje pengar til veg og byområde. I 2018 gjekk over 35 milliardar kronar til vegformål. Over 10 milliardar meir enn i 2013. Det seier seg sjølv at utbygginga av norske vegar aldri har vore meir omfattande. Samtidig sørgjer vi for godt vegvedlikehald slik at etterslepet går ned for første gong på fleire tiår.

Vi satsar på byområda i Noreg. Meir enn 2,5 milliardar kroner brukar vi for å betre kollektivtilbod og bygge ut gang- og sykkelvegar. Det skal vere attraktivt å velje miljøvennlege og trafikkreduserande reisemåtar.

Med 50/50-ordninga tek staten halvparten av rekninga i store kollektivinfrastrukturprosjekt i dei fire største byområda som inngår i ein byvekstavtale. Dei byområda som vel å delta i ordninga, må finansiere den andre halvparten sjølv. Vi legg oss ikkje opp i korleis dei løyser det lokalt. Om lokale myndigheiter har lagt til grunn ei bompengefinansiert bypakke, rettar eg meg etter det. Så meiner eg at lokale myndigheiter da må stå for det dei har vedteke, og å oppfylle det økonomiske ansvaret dei har pådratt seg. Det er mogleg å revidere bompengepakkene, men det må gjerast gjennom lokale vedtak. Eg vil legge fram eventuelt nye forslag frå lokale myndigheiter for Stortinget.

Det er sett to klare føresetnader for statens deltaking i byvekstavtalen. Det eine er at avtalen bidreg til å oppfylle nullvekstmålet. Det andre er at dei økonomiske rammene staten bedreg med i ei bypakke som vil vere ein del av ei byvekstavtale, er avklart gjennom stortingsbehandlinga.

I tillegg satsar vi på reformer. Vi skal få meir igjen for kvar krone vi brukar. Nye Veier AS bygger effektivt og billigare. Dei får bygge meir heilskapleg slik at vi får ned kostnadane og meir infrastruktur og betre vegar. Ved å redusere kostnadane ved vegutbygging, kan også bompengane bli lågare. Vi må jobbe hardt for det, men det er openbert ei målsetting.

Derfor har vi også gjennomført ei bompengereform. Sidan vi må retta oss etter stortingsfleirtalets avgjerder, gjer vi det beste ut av det. Gjennom bompengereforma har vi samla 60 selskap til 5. Dette vil forenkle kvardagen for bilistane.

Vi er opptatt av at det skal bli mindre bompengar for folk flest. Vi har redusert delen bompengar i vegprosjekt frå 40 prosent under den raudgrøne regjeringa til 28 prosent med vår regjering. Eg ønskjer det sjølvsagt velkommen, om dei lokale styresmaktene ønskjer mindre bompengar i sine område. Om ein ikkje ønskjer bompengar må kvar og ein bruke røysteretten på eit parti som er mot bompengar. Frp fortsett kampen mot bompengar.