Denne sommaren er annleis

Vi har hatt klar himmel veke etter veke, nesten utan nedbør.  Vi på nordvestlandet har stort sett alltid vore velsigna med nok og godt vatn, men slik er det ikkje i år.  For nokre er sommaren med uvanleg mykje sol eit gode – for andre kan det vere ein trussel.  For bøndene er situasjonen no alvorleg. Situasjonen er kanskje aller verst  aust og sør i landet, men også hos oss er det mange som med rette kallar dette ei krise.  Omtrent halvparten av mjølkeprodusentane i fylket seier at avlingsnivået er under 70% av det vanlege,  og mange av disse har langt mindre.  Bøndene har alltid vist evne til å tilpasse seg, men av og til ligg løysingane utanfor handlingsrommet til den enkelte.

Granne hjelper granne

Bøndene møter utfordringa  med  samarbeid og lojalitet – granne til granne, og på tvers av landsdelar. Ikkje alle er like sterkt ramma, og det er godt å sjå at samhaldet og lojaliteten lever på bygdene.  Bønder hjelper bønder, og mykje areal som har stått ubrukt blir hausta til vinterfôr. Ingen ventar god kvalitet av gras som blir hausta i slutten av juli, men situasjonen no er heller ikkje vanleg.  Vi registrerer også at folk flest bryr seg,  og melder frå om areal som ikkje er hausta.  Ikkje alt dette kan takast i bruk på kort sikt, men det viser at folk på utsida av landbruket forstår situasjonen og gjerne vil stille opp.

Situasjonen kallar på handling frå alle som kan hjelpe til

Kommunane har ei viktig rolle opp mot landbruksnæringa.  Fleire kommunar har samla næringa til krisemøte, og eg kjenner også fleire døme på at kommunane har gått aktivt ut for å finne ubrukte ressursar som blir kopla mot bønder som treng fôr.  Eg vil be kommunane om å følgje situasjonen nøye, og å ha god nok kapasitet til å handtere utfordringane som kjem.  Fylkesmannen skal sette av nok ressursar til at bønder som har krav på avlingsskadeerstatning får hjelp utan unødvendig opphald.

Dei beste tiltaka går på førebygging , ikkje på lapping i etterkant

Denne vekstsesongen går snart mot slutten, og det er ikkje så veldig mykje som kan gjerast for å hente meir fôr lokalt.  Framover er handlingsrommet mykje større.  Sidan år 2000  har rundt rekna 70 000 dekar av jordbruksarealet her i fylket gått ut av drift.  Areal som ikkje vert stelt og hausta kvart år, går fort tilbake til naturen. Krattet veks inn frå kantane og grøftene går tett.  Nokre gløymer at det å eige jordbruksareal også har med seg plikter. Jordbruksareal skal drivast, og driveplikta er utan avgrensing i tid. Driveplikta kan oppfyllast ved at ved at den som eig også driv, eller så kan jorda leigast vekk til aktive bønder. Det er all grunn til å minne jordeigarar om pliktene ut frå jordlova, og kommunane  om ansvaret for å følgje opp.

Ein vekkjar – når det skjer her, kan det skje over alt.

For nokre bønder blir dette året vanskeleg.  Nokre  må redusere buskapen,  nokre må kjøpe fôr langt borte, og mange bønder får det  heilt sikkert vanskeleg økonomisk.  Men likevel – denne krisa kjem vi gjennom.

Erfaringane frå sommaren 2018 bør likevel vere ein alvorleg vekkjar. Nordvestlendingane er betre  rusta til å møte skiftande ver enn praktisk talt alle andre på kloden – men likevel får vi tørke som truar landbruksnæringa og matproduksjonen.  For nokre tiår sidan henta vi all maten frå åkeren og  fjorden. No kjøper vi meir og meir av det vi treng frå land langt borte, til låge prisar men med større risiko. Den dagsaktuelle diskusjonen er først og fremst næringspolitikk, men i det lengre perspektivet dreiar dette seg minst like mykje om samfunnsberedskap.

God sommar !

Foto: Vidar Myklebust/ Fylkesmannen i Møre og Romsdal