Rauma kommune er ein av dei dårlegaste kommunane i landet når det gjeld økonomi. Vi har dobbel så stor lånegjeld i høve til driftsbudsjettet som gjennomsnittskommunen, samstundes som vi brukar 11 millionar mindre på tenestene våre enn våre samanliknings-kommunar.

Vi har lånt oss «opp over øyrene». Og det går, og vil endå meir gå ut over drifta. Rådmannen har sagt dette tydeleg, men tek ikkje fullt ut konsekvensen av denne erkjenninga når ho tilrår å låne meir til nystrukturering av Strandgata.

No vil eg ikkje skulde nokon som helst for dei store låna, det har stort sett vore konsensus i kommunestyret om investeringane. Men no må det bli slutt! Med ein sannsynleg renteoppgang vil vi få endå mindre att til drifta av kommunen, ei drift som dei siste åra har måtta tole store nedskjeringar på fleire tenesteområde. Og så har vi Veidekke-rettsaka hengande over oss som ei mørk, trugande sky.

SV meiner at vi no må konsentrere oss om å sikre tenestene våre. Det er nok folk med kompetanse og motivasjon som skal gjere Rauma til ei god kommune å vekse opp i, til å bu og arbeide i, og til å bli gammal i. I denne samanhengen er opprusting av Strandgata å rekne som luksus, sjølv om ein ny fin Strandgate hadde vore «kjekt å ha». Men det får vente.