Kampen mot forsøpling er eit viktig satsingsområde i 2018. Fylkesmann Lodve Solholm opplyste i sitt møte med pressa i januar, at kampen mot forsøpling var eit av tre utvalde område han ville ha eit særleg fokus i sitt siste år som fylkesmann.

Fylkesmannen ynsker å få fleire folk med på dugnaden for å minske tilførsel av søppel til naturen og for å rydde opp i det som har hamna i naturen eller er i ferd med å gjere det.

Strandryddedagen er ein nasjonal miljødugnad i regi av «Hold Norge Rent» der fleire tusen frivillige ryddar strender, øyar, holmar og havbotn langs kysten så vel som langs bekkar, elver og innsjøar. Vi kan alle bidra, gjennom å inviterer familie, vener, kollegaer, nabolag, idrettslag, velforeiningar, dykkarklubbar, bedrifter, barnehagar, skular, med fleire til å delta.

Sjølv om det no er mykje fokus på havsøppel, må vi ikkje gløyme at avfall som er tømt ulovleg i skogholtet kan gje dei same skadane for livet på land. Det kan utgjere ein større forskjell enn du trur å fjerne ein plastpose frå naturen.

Kvart år vert det tilført store mengder søppel i fjordar og havområde. Enten det vert kasta, mista eller at det bles på sjøen. Forsøpling av strendene og havet aukar. Det kjem stadig fram nye negative konsekvensar av plastforureininga. Avfallet vi ser i strandsona er berre ein liten del av den totale mengda. Kysten vår mottar avfall frå andre land, men ein skremmande stor del ser ut til å vere vårt eige.

Kommunane er mynde for å kunne gje pålegg til opprydding av avfall og forsøpling. Vi vil oppfordre kommunane i Møre og Romsdal til å gje dette temaet eit ekstra fokus, gjennom å bidra med å sette forsøpling på dagsorden i kommunestyra. Fylkesmannen vil i år også ha ekstra fokus på forsøpling og avfall i all oppfølging og kontroll med næringslivet.

Eg vil minne om at er forbode etter norsk lov å kaste i frå seg ting utanom tilrettelagte løysingar for innsamlinga av avfall. Likevel flyt det over med søppel overalt i naturen. Vi har alle eit ansvar for å rydde etter oss. Vi må slutte å kaste ting i frå oss og tru at det er rett at andre skal rydde opp. Vi må bry oss og sjå at vi alle kan utgjere ein forskjell, og vi må tørre å seie ifrå til kvarandre.

Pass ekstra godt på søppel og gjenstandar som ligg ute og som kan bli tatt av ver og vind, spesielt før stormen kjem. Kvar gong det bles eller regnar kraftig vert små og store gjenstandar ført på avvege. Vi kan alle bidra med å rydde litt ekstra når vi ser at det trengs. Gjer alle det, minskar vi søpla i naturen og langs strendene våre berre ved å etablere ein god vane.

Eg vil oppfordre alle innbyggarane i Møre og Romsdal til å engasjere seg og bidra både i kampen mot forsøpling – og i arbeidet med opprydding av søppel.

Fylkesmann Lodve Solholm. Foto: Fylkesmannen