På det norske kommunebarometeret ligg vi på 53. plass mellom alle kommunar i landet. På nasjonale prøver ligg vi på 32. plass. Bruk av ressursar på skule plasserer oss som nr. 141. Men vi kan ikkje ta noko kviletak, skulen vil bli endå meir sentral for samfunnet i åra som kjem. Vi har to store utfordringar; å sikre kvaliteten på skulen, og å marknadsføre det gode skuletilbodet i Rauma. For å greie dette, er det ikkje nok å debattere skulestrukturen. Det er å starte i feil ende. Vi må først skape "Raumaskulen" som eit innhald, ein kvalitet og som eit merkevareprodukt. Vi må starte med å finne ut kva vi vil med skulen i Rauma, kva kvalitetar som skal kjenneteikne kvar einaste skule. Dette må vi gjere gjennom ein brei prosess, der både elevar, foreldre, besteforeldre, elevassistentar, lærarar og folk flest får høve til å vere med. Målet må vere å definere noko som vi i Rauma vil satse på, som vi vil bruke ressursane våre på, som vi kan vere stolte av.

Eg kjenner ikkje til at vi har hatt nokon brei skulepolitisk debatt i Rauma, der vi har diskutert innhaldet. Det er på tide.

Når vi er samde om målet, kan vi begynne på vegen dit. Og på vegen dit må vi gjere mange vegvalg og vanskelege prioriteringar. Det kan td. bety debatt om skule-strukturen, men med eit anna utgangspunkt enn berre økonomi. Vil vi bruke meir pengar på etterutdanning av lærarar, på å bygge opp PP-tenesta, på ulike utviklings-tiltak, på færre elevar pr. lærar der det er altfor mange elevar pr. lærar ? Vil vi dette, ja då må vi spare pengar på nokre område for å kunne bruke meir på andre. Det kan vere å overføre elevar frå dei minste skulane til litt større skular. I slike vurderingar må også pedagogiske ( td. fagmiljøet ) og miljømessige faktorar leggast vekt på. Og her er det ingen fasit.

Strukturelle endringar av skulen er oftast smertefulle, men dei er sjeldan nokon katastrofe, korkje for elevane, foreldra eller bygdesamfunnet. Eg var sjølv ein som protesterte då skulen min ( Rødven skule ) vart nedlagd, men i ettertid har eg sett at det var rett. Svært rett, til og med. ( Butikken er viktigare for bygdesamfunnet enn skulen )

I staden for å slitast med negative skuledebattar om nedleggingar, med bygdekamp og kollektiv bygdedepresjon, må vi starte på vegen mot "Raumaskolen", ein skole som har reelle kvalitetar som er lette å marknadsføre. Slik at ordføraren vår i 2014 vil få invitasjon til Oslo for å fortelje skulestatsråden og staben hennar; Kva "Raumaskulen" er, og korleis vi skapte han. Greier vi det, blir det ikkje så freistande å halde seg på utsida av "Raumaskulen", ved å etablere private friskular.