Skreve av Anders Øverbø, Øverbøen

Fremskrittspartiet sin ordførarkandidat, Renate Soleim, skriv i eit lesarinnlegg i Åndalsnes Avis (23.05.23) at vi er på veg til å bli ein NEI-kommune, og trekkjer fram to eksempler som viser at vi er på feil veg. Å bli ein JA-kommune er noko alle kommuner ynskjer å vere. Men kva er det å vere ein JA-kommune?

Soleim bruker saka med boligbygging på Soggemoen som eit krystallklart eksempel på korleis vi skal bli ein JA-kommune, og argumenterer med at «vi har nok av dyrkamark i fylket som ligger brakk». Denne argumentasjonen framstår som enkel, og ser heilt vekk frå dei rammene som ligg til grunn for behandling av slike saker.

Meiner Soleim og Rauma Frp at våre lokalpolitikarar bør seie JA til alle tiltak sjølv om dei krev dispensasjon frå gjeldande lover og planverk? I dette tilfelle kan det i følgje Soleim gjevast dispensasjon frå lova, fordi det finst nok av dyrka mark andre stader i fylket som ligg brakk.

Mi oppfatning er at plan- og lovverk skal skape forutsigbarheit, likebehandling og samfunnsutvikling i ei ønska retning, både på nasjonalt og på kommunalt nivå. Desse styringsvertøya sikrar demokratiske prosessar der alle ha høve til å delta på orienteringsmøter og til å komme med innspel. Det er difor ikkje unaturleg at den som prøver å utfordre dette møter motstand. Det er IKKJE å være ein NEI-kommune, men å sikre nettopp forutsigbarheit, likebehandling og ønska utvikling.

For å bli ein JA-kommune for både innbyggarane og næringslivet må vi ha eit godt og oppdatert planverk som kommunen sin administrasjon kan drive saksbehandling etter. Kommunen må ha nok tilsette til rask saksgang, god og lett tilgang på rådgivning og nøyaktig journalføring/postlister.

Eg vil rose alle ansatte i kommunen som har gjort ein flott jobb i fleire år for å styrke kommuneøkonomien. No stig Rauma på Kommunal Rapport sitt kommunebarometer på 9 av 12 kategorier. Med betre økonomi ligg det til rette for at Rauma Kommune kan bli enno betre på planarbeid og sakshandsaming enn i dag.

Er ein JA kommune ein kommune som i følgje Frp seier JA til alle initiativ til å investere og skape noko utan å sjå til motargument, planverk og vurdere konsekvensar?

Eller er ein JA kommune ein kommune som sørger for god og rask sakshandsaming og sikrar forutsigbarheit, likebehandling og ønska utvikling?

Frp har skrive kva legg i det å være ein JA-kommune, og no når det går mot valg, blir eg nysgjerrig på kva dei andre partia meiner er ein JA-kommune?

All honnør til politikarane som står fast ved vedtatte planer og lovverk, og brukar desse som styringsverktøy for den retninga vi ønsker kommunen skal utvikle seg.