Dette innlegget er skrive av Edmund Søvik.

Klimakrise og miljøvern må takast på største alvor. Det er ei voldsom utfordring som vil kreve innstramming av livreima og endra livsstil. Men så filosoferer eg litt omkring lokal naturforvaltning.

1. Er mennesket ein del av naturen, eller er det mennesket på eine sida og naturen på andre?

2. Mennesket har alltid levd av å gripe inn i naturen. Kultur er lik dyrking – primært av jord. Mennesket skal gripe minst muleg inn i naturen, og på den andre sida høyrer me at kulturlandskapet skal vernast.

3. Det skjer ei storstilt attgroing av kulturlandskapet i landet vårt. Er det bra eller gale?

4. Alle veit at det er svært viktig med naturvern, men kva er den største trusselen (Forurensing av vatn og luft og jord, drivhuseffekten, vassmangel osv)?

5. Urørt natur, kva er det? Attgroing og færre beitedyr fører til meir urørt natur. Er det bra? Kva med stiar folk går etter? Er det nokon som er redd for at naturen vår blir trakka ned? «Gata“ opp Nesaksla og gjørmete passasjar rundt om på stiane er berre ein mikroskopisk del av landskapet vårt.

6. Er det eit mål at folk skal gå minst muleg i skog og mark og fjell? Er det for stor trafikk no? (Eg har gått 10-15 fine, alminnelege fjellturar i sommar i fint ver og i ferietid, og har hatt svært så god plass – møter nesten ikkje ei sjel)

7. Er det noko som heiter folkehelse oppi dette? Er det eit mål å få folk ut i naturen, eller skal ein heller anbefale treningssenter og «gang rundt bruene»?

8. Dagsturbu i Vikabotnen? Er det urørt natur der? Sist eg var der, i sommar, var det stiar som folk hadde trakka på, og ei demning frå forne dagar til Åndalsnes vassverk. Eg såg ikkje reinsdyr. Men Statsforvaltaren i Trøndelag veit vel betre. Han viser au til Kaffekjelbua, ei bu som han aldri ville tillatt i dag. Likevel anbefaler han den. Den ligg forresten langt unna ruta Nesaksla – Isfjorden!

Edmund Søvik