Skrevet av Nils Valde

Eg må sei at eg vart nokså opprørt då eg las siste innlegget til Helge Orten. Saka er at Helge Orten og Co har lurt oss trill rundt, og mange av oss har ikkje forsått det før no. Men han avslører seg i dette innlegget. Hjartebarnet til Helge Orten har vore og er Møreaksen, og det må han ha lov til. Men at han er villig til å ofre alt anna for å få gjennomført dette milliardsluket, det trudde vi ikkje. Men i det siste innlegget skriv han: « Siden nye veier har fåt tildelt denne strekningen, er det heller ikke i konkurranse med andre prosjekter i NTP som Statens vegvesen har ansvaret for». Han kunne like godt ha skrive det han meinte at det kom ikkkje i konkurranse med Møreaksen. Det har vel dette som har vore deira meining heile tida. Vi skulle har protestert med det same den gamle samferdselskomiteen, der Helge Orten var leiar, gjorde dette framlegget. Orten visste betre enn nokon av oss andre at Nye Veier lever sitt eige liv utan politisk styring. Difor finst det heller ikkje meining i den siste setninga i Orten skriv i innlegget sitt.Han skriv: »Ballen ligger hos samferdselsministeren. Det er bare å sette den i mål» Då Stortinget gav oppdraget til Nye Veier, gav dei samtidig frå seg all politisk styring. Så samferselsmiisten har ikkje noko med dette. Såg at krabbefeltet øvst i Romsdalen kunne bli start på i beste fall i 2024, dersom dei planane som SVV hadde laga, kunne brukast. Men kven er et som bestemmer at desse planane kan brukast? Det heile er ei stor tragedie. Etter så mange år med planlegging har det ikkje skjedd nokon ting. Ein kunne ha bygt store deler av vegen med dei midlane som er brukt til planlegging . Eg må berre seie at mine dystre spådommar er at det blir vankeleg å kome opp på prioritet med ei ordning som er skapt for å brukast på dei store trafikkårene i sntrale støk. Det vil vel bli stikk i strid med det dei utbasunerte om ei samahangande utbygging, så blir det tatt nokre klattar her og det. Eg håper eg tek feil!