Eit stort fast bord med benkar rundt, og med tak over.
Leire bord og benkar utan tak.
Bålplass med rustikke benkar rundt.
Ei lita scene (med straumtilførsel for mikrofonanlegg).
Ei lita, grov tribune ( 25 – 50 personar).
Leikeapparat for ulike aldersgrupper.
Minigolfbane (utstyrsutleige: Grand Hotel).
badmintonbane (utstyrsutleige: Grand Hotel).
Maxi bondesjakk.
Naturstig (naturspørsmål frå Rauma, ny kvart år, premiering).
Infotavle om familieparken.
Fleire faste søppelkorger.
Gangvegar.
Plen inn imellom.
Prydbusker og tre.
Trapp opp frå sentrum.
"Vesle Trollstigen", asfaltert gang-rullestolveg opp bakken frå sentrum.
Åndalsnes sentrum saknar ein uteplass/ eit friområde for familiar og barn.
"Kyrkjetomta" er det einaste området vi enno har att, som er eigna til dette.
"Kyrkjetomta" ligg avskjerma frå trafikk, men likevel nær sentrum.
"Kyrkjetomta" ligg nær kulturhus, svømmehall, hotell, skular og "Kulturlåven".
Familieparken kan også brukast til ulike organiserte arrangement, td. i Fjellfestivalen.
Årleg snøskulpturkonkurranse, friluftsgudsteneste m.m.
Det kan søkjast om spelemidlar til mykje av kostnadane.
Grand Hotel vil få inntekter på utleige av utstyr, kanskje medfinansierer dei?
Utbygginga kan skje etappevis.
Rauma frivilligsentral kan ha tilsyns- og ryddeansvar.
Der barna trivest, der trivest også foreldra.
Meninger →
Åndalsnes Familiepark
Framlegg til alternativ bruk av "kyrkjetomta"