Skrevet av Janne Søvik, gruppeleiar i Rauma arbeiderparti

På fredag var eg så heldig å få bli med yngste barnebarnet mitt i svømmebassenget på Åndalsnes igjen. Det er ei stund sidan sist vi var der, men du verden kor kjekt det er.

Bassenget, vart rett etter opningstid fylt opp til randen, bokstaveleg talt, av glade og livlege ungar med foreldre tett på. Flott sosial arena for dei vaksne og fantastisk tumleplass for dei små. Dei vaksne småprata i grupper samtidig med fokus på ungane sin leik og utfoldelse.

I går var det vel skikkeleg vind, nærmast storm på Åndalsnes, som i mesteparten av kommunen, det er muleg det var ekstra fult av barn og vaksne i bassenget i går, men som vi veit frå før, her må det gjærast noko. Kjekk betjening, reint og ordentleg, men så altfor liten plass både i bassenget, i garderobane og i gangane.

Nytt basseng må bli eit av det første vi som politikarar må ta tak når kommunen kjem seg «oppå igjen» og får økonomisk handlingsrom. Svømmebassenget er svært viktig, ikkje berre som ein fantastisk sosial arena og leikeplass for barn og vaksne, men og for svømmeopplæring, for trening og opptrening etter sjukdom/skade.