Skrevet av Hallgeir Gjerdset, tidligere SV-medlem og partileiar

Eg har kikka gjennom spalta «meninger» i nettversjonen av ÅA. Her er etter kvart ein god del lesarinnlegg der mange er stila til ordførar Yvonne Wold.

Svar på innlegga er ikkje å sjå, i avisa. Godt muleg at spørsmål frå parti som Høgre og Frp har fått svar frå talarstolen i KS-salen, men det hadde jo vore fint om ikkje berre dei som orkar å kjempe seg gjennom eit KS-møte enten direkte eller via kommune-tv, kan få del i dei eventuelle svara frå ordførar.

Så er det innlegg frå privatpersonar som også retter spørsmål til ordførar, også utan å få svar attende i same forum.

Roger André Tangen har eit etter mitt syn eit knakande godt innlegg for litt tid attende, og Johnny Hansen likeså no i dag når dette skrivas. ÅA har jo også hatt ein kritisk leiar i samband med arbeidsavtala som eks kommunedirektør Rune Sommer(feriepenger) hadde med Rauma kommune. Skal heller ikkje dette besvaras?

Rauma SV er i ein ekstremt priveligert situasjon, med 12 av 27 representantar i KS. I tillegg er gruppa beståande av veldig mange, veldig flinke folk. Ein skulle tru ressursane strakk til for å svare på slikt som offentlege lesarinnlegg, frå folk som Tangen og Hansen som engasjerer og bryr seg om Rauma-samfunnet.

Eg har forståing for det arbeidspresset det er å vere både i KS og ha jobben som ordførar, men er likevel sikker på at det er viktig at ein prioriterer å følge opp seriøse lesarinnlegg med gode svar.