Skrevet av Marit Talberg Aarset, Vågstranda

I dag har eg baka aniskringler og krumkaker tradisjonen tru slik som mor mi gjorde.

Gode bakverk begge delar.

På appen på telefonen min såg eg at straumprisen vart ekstra høg i dag, faktisk den høgaste i mi historie, og den strekkejer seg over snart 74 år. Eg trur ikkje Rauma kommunale kraftverk hadde så høge prisar, heller ikkje dei små kraftverka langs Reistadelva for lenge sidan.

Eg bestemte meg likevel for bakinga i dag, og baksten vart vellyka.

Så begynte eg og mannen i huset å snakke om straumprisen og fundere på kva grunnen til at den vart over 6 kr pr KW delar av dagen. Vi prøvde oss på alle slags argument, men har vel i grunnen for lengst innsett at dette får vi sjeldan eller aldri gode svar på.

Mannen i huset kontakta Rauma Energi, der har vi vore trufaste kundar i alle år uansett straumprisar. Svaret på spørsmålet om høg pris i dag var at det er kaldare, mindre nedbør enn forventa og mindre vind, større forbruk, revisjon av kjernekraftverk og høgare vassverdiar.

Ja vel. Det har vore lite nedbør siste vekene, men vassmagasina reknar vi med er velfylte. Så har det blese ein god del her på Talberg og Vågstranda, men det er kanskje for lokalt. Det var fole til vind ein dag på Næs også. Kaldt? Nei, her har det vore mildt. Større forbruk? Ja, det er mangt som skal pyntast og bakast og ordna før jul, så sjølv om vi følgjer oppfordringa og brukar LED, så aukar vel alt. Det er sikkert andre som bakar aniskringler og krumkaker også.

Vi sette oss ned i skumringa med ein kopp kaffe og nysteikte aniskringler og funderte på svara frå vårt lokale e-verk. Samtidig spratt det fram ei dame på skjermen som fortalde om straumen i landet vårt i dag at Norge eksporterar 8 gonger så mykje straum som i oktober, og Sør-Norge importerar ikkje straum frå utlandet. Det er kaldare i Europa, og så var det revisjon av kjernekraftverk i Europa.

Hmm... Det må vere noko meir.....

Mannen i huset tok ein ny runde til kraftverket vårt og ville ha eit tydelegare svar.

Då kom det: NORDPOOL som fastset spotprisen. Slik har høgrekreftene fått det som dei ville.

Krumkakene og aniskringlene vart fortreffelege, baka med den høgaste straumprisen i manns minne.