Skrevet av Janne Søvik, ordførarkandidat og gruppeleiar i Rauma Arbeiderparti

For dei av oss som har ønska tre ungdomsskular i kommunen vår vart det ein gledes dag onsdag 10.05.23. Rauma Arbeiderparti og resten av formannskapet innstilte på at skulestrukturen skal bestå fram til hausten 2029, målet er sjølvsagt for all framtid, men da må alle prioritere bygda si og skulen sin. Rauma Arbeiderparti, som har hatt dette som ei hjartesak og har jobba beinhard for denne saka i alle år, fekk endeleg lønn for strevet.

Det at elevane skal sleppe hundrevis av timar i buss kvar skuleår er ein seier i seg sjølv. Det at elevane skal få behalde fritid i lag med familien, delta i idrett og kulturliv eiga bygd, vere i lag med venner og behalde den lille, men viktige jobben etter skuletid på ein arbeidsplass i bygda er fantastisk gode nyheiter.

No er det tid for å jobbe vidare med å få fleire barnefamiliar og andre til å busette seg i bygdene. Da må kommunen, politikarane og næringslivet sjå moglegheitene vi har akkurat no, til folketalsvekst og utvikling. Det stå byggeklare tomter både i Måndalen og på Åfarnes og best av alt, det står private aktørar klar til å bygge leilegheiter som kan stå innflyttingsklare innan eit år. Desse to bygdene har barnehage, barne- og ungdomskule, butikk, eit rikt idretts- og kulturliv, ei menge kommunale og private arbeidsplassar og godt kollektivtilbod.

Dette betyr ikkje at dei andre bygdene ikkje får utvikling, tvert imot. Det blir sjølvsagt enda meir interessant å bygg og bo også i andre bygder når vi ser stabil og forutsigbar skulestruktur langt framover i tid. Dette blir vekst og utvikling for heile Raumasamfunnet.

Åndalsnes og sentrum har og eit stort behov for fleire boligar og ikkje minst renovering av eksisterande boligar. Med å utnytte den moglegheita som vi no har til rask utbygging og busetting i bygdene, frigjer vi og press på boligmarkedet i sentrum og i Isfjorden.

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa ei midlertidig gjeninnføring av tilskot til boligar, med en tilsagnsramme på 400 millionar kroner i 2023. Tilskotet skal kunne brukas til kjøp, istandsetting og bygging. Husbanken sett i verk regjeringa sin boligsosiale politikk også gjennom verkemidlar som bostøtte, startlån, tilskot, kompetanseoverføring og kunnskapsutvikling. «Leie til eie» er eit verkemiddel som kommunen jobbar med å få på plass. Det å kunne eige sin eigen bolig gir tryggheit, verdigheit og stabilitet.

Rauma kommune har stor etterspørsel etter hus og leilegheiter, i tillegg har kommunen sagt ja til å ta imot 75 flyktningar i 2023, for at vi skal kunne gi eit verdig tilbod om boligar og gode oppvekstvilkår for alle må vi handle raskt. Vi må benytte oss av ledig tomter og private aktørar som står klar til å starte bygging i dag.