Skrevet av Frank Sve, 1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen, Stortingsrepresentant for FrP

«AP sin Kjølmoen viser til andre parti sin kalkulator. AP sin kalkulator har kun ein tast, og dette er tasten for å tømme lommeboka til folk flest og næringslivet». Sikkert enkelte gongar lurt om Kjølmoen tenkte seg litt om, i vertfall når det gjelder bruk av kalkulator. « Alle huskar vi når Kjølmoen og AP skulle halvere ferjeprisane, der 50% kutt vart til reelt 11%». Kreativ bruk av AP kalkulatoren hjalp svært så lite i dette tilfellet også. Å hevde at AP tar fatt i dei skyhøge straum og drivstoffprisane, synest vel godt no når regjeringa blir instruert og tvinga til ekstraordinært Stortingsmøte pga AP og SP sin totale meiningslause handlingslammelse. Når det er sagt, er Kjølmoen og AP sin kalkulator rimeleg spesiell. AP og staten ser ut til å kunne ta inn mange, mange hundre milliard kr ekstra til statskassa utover vedteke budsjett for 2022. Så mykje som 1000 milliard ekstra kan det ligge ann til. Når folk flest og næringslivet betalar inn desse ekstrainntektene til staten i tillegg til skyhøge ekstrainntekter pga skyhøg straum, olje og gassprisar, skulle det berre mangle at staten gjev desse pengane tilbake. « Kven har gjeve AP og deg Kjølmoen rett til å ta inn alle desse hundrevis av milliardane og beholde desse pengane i statskassa urettvis?» - Kven har gjeve dokke dette mandatet? «Ei regjering og politikarane er til for folket og næringslivet, ikkje omvendt må du snart forstå godeste Kjølmoen». Ikkje ei einaste krone har verken du eller AP kompensert næringslivet for dei skyhøge straum og drivstofforisane. Kjølmoen viser til at regjeringa arbeider og har tatt fatt i dette. « Forklar Kjølmoen, kva har du, AP og din regjering gjort i praksis for næringslivet ang dei skyhøge straum og drivstoffprisane?» - Eg kan igjen svare for deg igjen, null og nada har dokke gjort. Ikkje ei kr er gjeve i kompensasjon til eit næringsliv som betalar over 60% av straumforbruket her i landet. Dei skyhøge drivstoffprisane og problema dette medfører for store delar av næringslivet her i fylket, gjev tydeligvis AP og Kjølmoen blaffen i. Ikkje ein finger er løfta for å hjelpe ei sterkt pressa transport, bygg og anleggsbransje i tillegg til fiskeri og mange andre bransjar. Og til slutt ang min bruk av kalkulator i Stranda når eg var ordførar. « Absolutt alt vi investerte i Stranda hadde eg saktens bygd igjen, og Stranda kommune har ikkje tapt ei krone. Tvert imot har kommunen og næringslivet tjent mange titals million kroner per år på grunn av dette». Hundrevis av arbeidsplassar er skapt og det blir for tida investert i hundremillionersklassen på Strandafjellet til dømes. Men, det er nok vanskeleg for ein AP, er å forstå at ein må investere for å få avkastning. « Det er avkastning, det å skape verdiar, inntjening i næringslivet som det offentlige kan bruke på velferd som skule, barnehage, helse og eldreomsorg» AP sin modell er tydeligvis å flå folk flest sin lommebok, sable ned næringslivet med svindyr straum og drivstoffkostnadar, og haugevis med bompengar, skattar og avgifter. Så får vi følge med i Stortinget om nokre veker, kva AP og SP har tenkt å tilføre av tiltak til næringslivet. Så langt har AP og Kjølmoen som næringspolitisk talsmann, totalt gløymt alt av næringsliv. Spenninga no vert om det fortsatt for AP er det viktigaste å vere Europas batteri, sende krafta til utlandet, eller har ein oppdaga at det faktisk finnast næringsliv i eige land?