Skrevet av Torbjørn Bruaset

På f.k. møte den 30 d.m. skal formannskapet gjere vedtak om prisvinner for i år. Eg er kjent med at det er fleire forslag, på sikkert verdige kandidatar, men eg kjenner ikkje kven dei er.

Eg vart både litt forundra og skuffa ved åpninga av kommunestyremøtet den 23. juni over at det der ikkje vart ei kort markering av at Nils Valde var gått bort få dagar tidlegere. Nils Valde gjorde ein stor innsats på mange områder i kommunen vår. Ikkje minst innenfor frivillig arbeid.

Samme kva forhold  vi har til kyrkje og kristenliv så må ein bli imponert. Nils sitt arbeid i politikken kjenner vi alle.

Sammen ved sin side hadde Nils Valde sin kone Jorunn som var med må mykje av det han gjorde, og det er sikkert takket henne  at han kunne vere så aktiv heilt til sine siste dagar.

Eg foreslår at kulturprisen for 2022 blir tildelt Jorunn Valde og Nils Valde post mortem.