Skrevet av Torbjørn Bruaset

I 2019 søkte ein grunneigar på Venås om godkjenning / frådeling av ei bustadtomt. Kjøparen var ein slektning som gjerne ville busette seg på Venås med familien sin. Ved høyring hos Fylkesmannen og fylkeskommunen kom det fram fleire kritiske merknader til søknaden. I tillegg til kjente argument om jordvern, vart det også sagt at det ville bli for lang skuleveg frå Venås til Voll, ca. 6 km.

Kommunen slutta seg til argumenta frå etatane på Fylkeshuset, og gjekk mot frådeling. Samstundes har Rauma kommune vedteke og innført fritt skuleval. Det betyr at kommunen dagleg fraktar mange elevar forbi Måndalen skule og inn til privatskulen i Innfjorden.

Dette blir 12 til 15 km kvar veg for mange av elevane. Når det blir sagt at det ikkje bør bu skuleborn på Venås, så blir det også indirekte sagt at det i framtida ikkje bør bu folk der.

Det er mange tilsvarande plassar som Venås i Rauma. Berild, Dalsbygda og Grøvdal i Isfjorden, Rødven, Mittet og det meste av Romsdalen. Sikkert også fleire. Eg spør derfor: ER DET KOMMUNENS POLITIKK AT DET IKKJE BØR BU FOLK I DESSE BYGDELAGA?