Skrevet av Janne Søvik, Gruppeleiar Rauma arbeiderparti

Politikk handlar om ganske mykje meir enn å vise seg fram med store overskrifter, fin omtale og fine bilder i avisa, slikt passar vel kanskje best på Facebook, Instagram eller TikTok. Vi er folkevalgte ikkje glansbilder.

Politikk skal sjølvsagt visast både i handling og i ord, men det er sakene og endringane vi får til i kommunen som er viktig. Avisa kan vi heldigvis ikkje kontrollere, sjølv om det kunne vert kjekt innimellom.

Men ja, så skjer det ting i livet, også til politikarar. Handlingslammelse som Rauma Høgre skriv om i sitt innlegg i ÅA kan sjølvsagt inntreffe, faktisk kan ein føle at verden stoppe heilt opp innimellom. Når ein møter uventa motstand, når ein møter sjukdom, når tøffe tak kjem på løpande band. Då må ein jobbe så best ein kan utifrå dei fortsetjingane og energien ein har til rådigheit, også politisk.

Som politikarar og folkevalt skal vi lytte til innbyggarane, korleis dei vil ha det, kva dei er opptatt av, alt frå personlege og private utfordringar til overordna planar og tiltak som kommunen skal, og må involvere seg i, er vår oppgåve. Vi skal være ombud, passe på at folk har det dei treng for å trivast og bo i kommunen, legge til rette for eit godt og variert næringsliv, gode tenester på alle nivå, mangfald av tilbod i idrett og kultur.

Enorme saksmengder og kompliserte problemstillingar skal takast stilling til før vedtak blir gjort. Som politikar må ein ha fleire perspektiv, eksempelvis frå viktigheita av ein god relasjon mellom lærar og elev til kompliserte reguleringsplanar og millioninvesteringar.

Politikk er og å forhalda seg lojalt til sitt parti, gjennom program som er laga og vedtak som blir gjort. Samarbeid i posisjon eller med partia i opposisjon kan i saker og framlegg være utfordrande, det er heilt naturleg, vi går ikkje alltid i same takt. Diskusjon og drøftingar og ulikt blikk på saker er jo også det som gjer politikk viktig og interessant, og som gir moglegheit for utvikling og endring.

Solokarriere som parti eller enkeltindivid i politikken er nok ikkje enkelt og heller ikkje ønskeleg. Det skaper ikkje tillit. Rauma arbeidarparti har tru på, og meiner at det politiske arbeidet vi no gjer i kommunen skal skape grunnlag for vidare vekst og utvikling på sikt. Vi har eit partiprogram, ei samfunnsplan og eit budsjett å forhalde de oss til, dette tek vi på alvor.

Eit eksempel: innbyggartalet gjekk ned med over 450 personar frå eit år til eit anna i vår kommune, då blir jobben for eit kommunestyre bl.a. å bidra til nedskalering og tilpassa tenestenivå. Dette gir sjølvsagt konsekvensar for enkeltindivid og for politikken vidare. Store investeringar må leggast på is, ein kan gjerne kalle det handlingslammelse, kanskje kjedeleg og trist, men det er og heilt nødvendig. Ja, vi i Rauma arbeidarparti ønsker oss også badeland, vi ønsker oppgradering av bruer og vegar og eit enda finare sentrum, men vi ønsker ikkje nedlegging av skular, privatisering av ei mengde vegar, mørklagte vegar i distrikta og enda lågare bemanning i ulike tenester.

Etter to år med pandemi, ufortusigbarheit og utryggheit, ein pågåande krig i Europa med enorme menneskelege lidingar burde vi kanskje tenke meir på takknemlegheit for det vi har, det gode vi har fått til og skal få til. Vi burde bruke meir tid og energi framover på å bygge tillit, ha trygg økonomisk styring, rettferdigheit, trygg velferd, jobbskaping og moglegheiter i kommunen vår. : Moglegheiter for dei som bur her no og dei som vil flytte til kommunen vår.