Skrevet av Sølvi Heggem Lundin, tidligere organist

Eg går gjerne i gravferder. Det er ein over hundreårig tradisjon her på bygdene å gå i gravferda til ein nabo, ein kjenning eller sambygding.

Slik kan ein heidre den avdøde og vise medkjensle til dei etterlatte. Om ikkje anna, så er det god folkeskikk. No er eg redd denne gode tradisjonen står under press. Det skuldast ikkje berre koronaen.

Gravferdene er i ferd med å privatiserast! Mange ser no på gravferder som ein privat avskjedsseremoni. Men ei gravferd er ei offentleg handling.

Inntil nyleg var 90 % av gravferdene i regi av Den norske kyrkja.

I ei undersøking gjennomført av Human-Etisk Forbund i 2017 svarte berre 50 % at dei ønskte ei gravferd i regi av Den norske kyrkja.!? (Vi trur ikkje at det er ein "trend" her hjå oss) .

Vi må vere merksame på at dei kyrkjeleg tilsette har høg kompetanse på gravferder. Kyrkja er profesjonell og faktisk gratis. Prest, kyrkjemusikar og kyrkjetenar står til teneste.

Det er byråa som kostar pengar, ikkje kyrkja. Og prestane har lang fartstid med gjennomføring av ei gravferdsseremoni, og er erfarne samtalepartnarar med dei sørgande. Folkekyrkja tilbyr faktisk alle "ein verdig avskjed uavhengig av sosial og økonomisk status". (Øystein Dahle, avdelingsdirektør, KA.)

No er ting i endring. Ikkje berre pga koronaen, men ei haldningsendring har faktisk skjedd dei siste tiåra.

Vi bør halde fast på denne gode, kristne folkelege tradisjonen!

Ei kyrkjeleg gravferd er ei offentleg handling!

Gravferdene er folkekyrkja sin siste skanse!

Eg går gjerne i gravferder. Ei kristen gravferd gir von utover død og grav. Kyrkja gir  trøyst gjennom tekster, salmar og musikk.

Den svarte jorda er ikkje det siste i ei kristen gravferd! Det er høgtid og von ute på kyrkjegarden under dei tre gonger tre klokkeslaga, og i stilla når den siste salmen vert sungen:

"Fager kveldssol smiler over heimen ned, /jord og himmel kviler stilt i heilag fred.-- Berre bekken brusar frå det bratte fjell/ høyr, kor sterkt det susar i den stille kveld!--

Så mitt hjarta stundar, bankande i barm, / til eg eingong blundar i Guds faderarm."