Skrevet av Bjørn Morstøl

Ja, no har Kompis gått frå borde.

Det var nok kjend at han ikkje var heilt bra,

men at han skulle døy allereie no, var uventa.

Eg gjekk i same klasse på skulen som Kompis. Og sanneleg var det ein friskus. Det var vel ingen som ville utfordre han til nevnekamp, heller ikkje ein gong Colin Hikky.

I Olav Magnus Tokle sine daglege turar seinare på mjølkebussen gjennom bygda, var det nok få som kunne turnere mjølkespannene på ein meir effektiv måte enn akkurat Kompis, som arbeidde hos den svært sympatiske Ole Voldstad.

Med dei krefter Kompis hadde, var det ikkje så rart at han vart målmann på fotballaget i bygda, og det var ei oppgåve han meistra med respekt. På slutten kunne han også delta i friidrett, og han var ein viktig medhjelpar ved store stemne i bygda tidleg på 1970-talet. Og det var ein mann ein kunne stole på.

Mange vil vel likevel først og fremst hugse Kompis for det gode humøret som prega hans liv. Til slutt vil eg så markere medkjensle med dei sørgande i famlieflokken og lyser fred over Kompis sitt minne!