Skreve av Dordi Lerum (20), ungdomskandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal

På Austlandet har dei no bygd ei jarnbane til 36,8 milliardar (!) kroner for å få dryge 10 minuttar kortare reisetid mellom Oslo og Ski. Samstundes vert distrikta strupa for samferdselskroner. Til skilnad frå i Oslo, handlar ikkje samferdslekroner i distrikta om å få nokre minuttar kortare reisetid til jobb, men om å redde liv. Kvifor prioriterer Frp og Høgre gigantprosjekt i Oslo-området framfor rassikring av vegar i distrikta?

Gjennom heile oppveksten min har eg fleire dagar kvart år måtte vere heime frå skulen grunna ras eller rasfare. No når eg køyrer den same vegen som vaksen passar eg alltid på å ha ein hammar i passasjersetet i tilfelle noko skulle skje. Ofte må ein køyre slalåm mellom steinar som ligg i vegen, og trykke inn gasspedalen medan ein kryssar fingrane for at det ikkje rasar ned fleire steinar når ein køyrer forbi.

For nokre år sidan omkom ei ung jente frå kommunen der eg vaks opp, etter at bilen vart treft av ein 1,5 tonn tung stein. Kva om min bil, eller bilen til nokon eg er glad i er den neste som blir knust?

Fersk forsking syner at det er over tre gonger så høg sjanse for å døy i ei trafikkulukke i distrikta samanlikna med Oslo. For ikkje berre har vi rasfarlege vegar, som i seg sjølv fører til ulukker og stengingar, men vegane våre er også direkte farlegare. Til det som må vere ei stor overrasking for Høgre og Frp, så har ikkje dei fleste vegar i distrikta gulstripe ein gong! Og ofte heller ikkje lys i tunnelane, lyktestolpar, gangveg og sykkelveg, eller anna «luksus» som ein har i meir sentrale strøk. Det er heilt spinnvill prioritere 36,8 milliardar for 10 minuttar raskare veg til jobb, samstundes som ein veit korleis stoda er i distrikts-noreg når det kjem til vegar. Eg trur det er ganske fjernt for mange Oslo-folk å sitje med ein hamar i passasjersetet i tilfelle bilen skulle bli teke i eit ras.

«God infrastruktur er med på å styre næringslivet», smilte tidlegare samferdsleminister frå Frp, Ketil Solvik-Olsen, då han fekk ta Follobana for fyrste gong. Det var eit dyrt glis. For å setje ting i perspektiv: 36,8 milliardar kroner er like mykje pengar som halve det norske forsvarsbudsjettet for 2023, 45 Normoria kulturhus i Kristiansund eller 175 nye Colorline Stadion. Det er med andre ord ein heilt utruleg sløsing med pengar til ei jarnbane som utelukkande er bygd for at folk skal få litt kortare reiseveg til arbeid.

Åtte år med null kontroll på samferdselskronene, der Frp og Høgre har ausa ut pengar til gigantprosjekt på Austlandet – og Follobana er ikkje det einaste i rekkja - har sett spor. No er det på tide å prioritere rassikring og betre vegar i distrikta!