Skrevet av Audrey Digernes.

Kjære Postverket.

Kjære – det er det rette ordet å starte dette brevet med. Fordi det å skrive, sende brev og helsingar i posten, og å få handskrevne brev og liknande min veg, det har vore ein kjær hobby og ei stor livsglede for meg. Det har vore mi form for kommunikasjon og uttrykk. Å få respons i postkassa har auka trivselen for meg og kjærleiken min for andre.

I eit års tid, frå sommaren 1961 til sommaren 1962, var posten uunnværleg for meg då eg var i USA og min nye kjærast var i Noreg. I dei månadene kunne det gå fleire brev nasjonane imellom på ei og same veke. Og, merkeleg nok og heilt sant, det tok kun 4 dagar for breva å kome fram. Eg har bevis.

Sidan 1962 har eg hatt same postadresse som kjærasten i Noreg hadde. Etterkvart som mor, far, tanter og naboar der borte døydde, har mine brev stort sett gått til mine 6 yngre søsken. Og det har ikkje gått lang tid mellom kvar sending. Ikkje alle søskena har handskriving som like kjær hobby som eg, og dei vise respekt for at eg ikkje vil ha belastninga med å ta imot e-post uavlateleg og måttte følgje opp med svar på same vis. Men dei sender dei mest vidunderlege bursdagskort og andre årstidskort jamnt og trutt; kort med bilder som er plukka ut «just for me».

Dei nyaste av desse, julekort frå mi syster (denne gongen med eit langt handskrive brev) var poststempla 7.desember 2021 i Wisconsin (same staten som alle andre i 1961 og fram til no i 2022). Men for denne siste julehelsinga tok det 48 dagar å kome til 6310 Veblungsnes. Trass i at mi syster visste om sein postlevering, hadde ho god tru på at ho var «ute i god tid».

Kor i verda har dette brevet vore i 48 dagar? Eg kan ikkje forstå, og kan heller ikkje tru at pandemien åleine er skuldig i denne store skilnaden i tid. Fjorten dagar er kortaste tida posten har brukt sidan starten av pandemien.

Det var det personlege. Så er det det offentlege.

Eg har brukt postgiro i over 20 år til å betale rekningane mine. Ikkje ein einaste gong har konvoluttane kome på avveg. Men sidan nyåret 2022 har det hendt allereie 2 gonger at ikkje betalingar har kome til banken, med den forargelege følgje at vedkomande mottakar ikkje får pengane utbetalt og eg får påminning og innkasso og meir bekymring for neste forsendelse og kor i verda den siste no ligg – har den kome fram i mellomtida? Svar får eg pr. telefon at den ikkje kom fram, men er det nokon som prøver å finne ut kor den er og kvifor den ikkje kom fram? Det får eg ikkje svar på. Eg veit at begge brev var kome i posten sitt ansvar.

Uvisse og usikkerheit har eg fått, beklagelegvis, opp i all kjærleiken. POSTEN SKAL FRAM. Eg har alltid stola på det. No er eg skeptisk og det er inga god kjensle og ikkje enkelt å leve med. Posten må fram – kven skal gjere noko med det?

Håpefull helsing i ei troublesome world.