Skrevet av Frank Edvard Sve, Fraksjonsleder energi- og miljø Fremskrittspartiets stortingsgruppe

Kan samferdselsministeren leggje fram ei detaljert oversikt over status for regulering, planlegging, og detaljplanlegging av dei ulike utbetringspunkta for heile E-136 frå Moa i Ålesund til Bjorli ?

E-136 Romsdalen er betegna som eksportvegen i Møre og Romsdal, og har vore vegprosjekt nr 1 i fylket i lang tid. Statens vegvesen har i snart 30-40 år holde på med planlegging eller rettare sagt mangel på planlegging. Statens vegvesen har åpenbart trenert planlegging av E-136, og dei siste 10 åra brukt sine planleggingsressursar på Møreaksen, ein omveg som omlag 80% av innbyggjarane her i fylket ikkje vil ha. Det er svært mange flaskehalsar i E-136, heilt frå Ålesund og til innlandet grense.

I strekninga Ålesund til Tresfjordbrua har Statens vegvesen stort sett lagt vekk planlegging av strekning, og har kun fokusert på fjordkryssinga over Romsdalsfjorden.

Frå Tresfjordbrua er det svært mange områder som må utbetrast, dette er :

Måndalen, Innfjorden, Hjelviktunellen, Veblungsnes, Flatmark-Monge-Marstein, Skiri bru og krabbefelt opp Brustugelia. Sansynleg også andre områder. Det siste området i Brustugelia er det einaste ein veit er planlagt.

Med bakgrunn i Statens vegvesen sin trenering og nedprioritering over mange år av E-136 Romsdalen, vart dette vegområdet ført over til Nye vegar as sin portefølgje.

Mange er bekymra over framdrifta i prosjektet, men det kan saktens ikkje gå verre enn det som vi har opplevd med Statens vegvesen sine manglande evner og vilje til å gjere noko med Møre og Romsdal sin viktigaste veg.