Mange stiller seg nok spørsmål om realismen i utbygging av trase Dombås- Ålesund frå hovudsporet Oslo- Trondheim. Også i KrF kan det vel vere dei som tvilar på dette.

I fylkestingsgruppa har KrF vore tydeleg på - og trygge på - at jernbane kan vere ein svært viktig kollektivtransportalternativ sett i framtidig klima og energiperspektiv. Også sett i forhold til utviklinga elles både i Europa og andre deler av verda.

Difor har underteikna følgt opp denne saka sidan vedtaket i fylkestinget i april 2008 då Møre og Romsdal kom med høyringsforslag til Nasjonal Transportplan 2010-2019.

Sitat; Samrøystes vedtak i Fylkestinget - 15.04.2008 Høghastighetstog; Fylkestinget støttar ei statleg utgreiing om høghastighetstog gjennom Gudbrandsdalen. Fylkestinget forventar at staten tek hovudansvaret for finansieringa av utgreiingsarbeidet for høghastighetstog og vil kome attende til eventuell fylkeskommunal medverknad når statleg løyving er avklart.

I fylkestinget desember 2009 hadde ein oppe;

INTERPELLASJON FRÅ JAN MAGNE DAHLE VEDR. HØGHASTIGHEITSBANE TIL ÅLESUND\Oversendingsframlegg: i sak T-94/09 A Fylkestinget bed om at fylkesrådmannen og fylkesutvalet vurderer korleis Møre og Romsdal kan støtte opp om det sterke engasjementet som no synest å vere på Stortinget for å få greidd ut og realisert høghastigheitsbanar i Norge, og då slik at Ålesund får eit tilslutningsspor på strekninga Oslo – Trondheim.

Då det blei avklart at Regjeringa i februar 2010 løyvde kr 50 mill med mandat til Jernbaneverket om utgreiing av spørsmålet om høgfartsbane i Norge, var det viktig at alternativet gjennom Gudbrandsdalen blir valgt med tanke på framtidig aktualitet for Møre og Romsdal.

Under fylkestinget i april 2010 tok underteikna saka opp på nytt i starten av tingsamlinga og fylkesordføraren fann det natruleg at saka kom opp gjennom samferdselsutvalet.

Saka vart på nytt lufta i fylkesutvalet under junitinget i Geiranger, og vart sett på dagsorden i fylkesutvalet sitt møte 28.juni i år.

Underteikna sette her fram forslag om kr 300 000,- til delfinansiering av utgreiing Dombås- Ålesund. Som fylket sin del saman med bl.a Ålesund kommune. Dette er vedteke med stort fleirtal.

Eg ønskte eit meir ope forslag for utgreiinga, men eit klårt fleirtal ville saman med administrasjonen halde fast på formuleringa om å be Jernbaneverket inkludere tilleggsspor Dombås- Ålesund i utgreiingsarbeidet.

Dette bør danne grunnlag for at arbeidet for trase til Ålesund ligg føre samtidig med hovud utgreiinga til Jernbaneverket.

KrF er glad for at vi er i gang med dette, og dette er også i tråd med dei råd vi har fått frå sentralt hald m.a. frå leiar av Transport - og Kommunikasjonskomiteen, Knut Arild Hareide som har understreka at det er viktig at fylka er aktive i den pågåande prosessen om høgfartsbane.