Skrevet av Torbjørn Bruaset

Sparegrisen min er no slakta og dau,

men den var mager som ein gamal sau.

Kommunen fekk heile beløpet men takka nei,

dette var alt for lite til dei.

Men sauene mine skal dei aldri få,

for då må eg åleine i avisa stå.

Kva skal kvinnene som styrer no finne på,

kanskje er baking av fattigmann vegen å gå?

Men då vil sikkert likestillingspolitiet snart ved rådhusdøra stå.

Eg forstår godt at Vågstranda frå Rauma ville dra,

når dei ikkje fekk det dei rettmessig skulle ha.

Det som er sikkert – gjelda til Rauma er blitt alt for stor,

like sikkert er at Rauma ikkje lengre er beste kommunen på vår jord!