Kommunebarometer vart sist oppdatert 24. august 2022 og skal gi oss ein realistisk peikepinn på korleis det står til i kommunen vår, i dei ulike sektorar og områder ved inngangen til 2022.

Av landets 356 kommunar kan Rauma kommune skryte litt av plass nummer 174. Dette ser veldig bra ut, tek seg godt ut og er veldig bra totalt sett. Til tross for store utfordringar som Robek, store investeringar både no og tidlegare år, nedskjeringar og omorganisering så ser det ut til at vi har klart oss gjennom det, men med litt knall og fall. Så er det slik at bak alle tal og statistikkar skjuler det seg detaljar som kan ha stor betydning for den enkelte innbyggar.

Kommunebarometeret er relativt enkelt å lese/sette seg inn i då statistikken går fem år bak i tid slik at vi kan følge med på utviklinga. Det er og brukt fargar i statistikken, grøn viser gode tall, gult og oransje viser at det ikkje står så bra til, medan raudt viser at ting ikkje er på stell for å seie det enkelt. Vi får ei klar oversikt også over nabokommunane slik at vi kan samanlikne tenestene våre. Men, for å få eit godt nok bilde må me få forklaringar frå dei som jobbar med dette kvar dag og har oversikt over heile kommunesektoren. Kommunedirektøren er den som kan hjelpe oss med svar og forklaringar.

På sist formannskapsmøte (13,09.22) ønskte Rauma Arbeiderparti svar på ein del spørsmål og problemstillingar, men som ein godt kan forstå, er det ikkje enkelt for kommunedirektøren å svare ut alt utan at spørsmåla har vert sendt inn på førehand.

Vi ønsker derfor meir utdjupande svar på spørsmåla under:

  1. Slik vi oppfattar statestikken skårar vi lavt når det gjeld fysisk aktivitet for elevar på 5.-7- trinn, dette har vert gjengongar dei siste åra. Kva er grunnen til dette?

  2. I barometeret er fargen raud på elevtimar pr år på 5.-7-trinn. Kva er forklaringa her?

  3. Motteke leksehjelp og tilbod om leksehjelp har vert synkande både i 1.-4. klasse og i 8.-10.klasse opp igjennom åra. Til samanlikning har ein kommune som Skjåk svært høgt skår på bruk av leksehjelp. Kva er grunnen til dette og kva er det Skjåk får til som ikkje vi får til?

  4. Barneverntenesta skårar lavt (vi ligg på 331. plass) dette gjeld blant annet undersøkelsar innafor fristen på tre månader og tiltaksplan for barn under omsorg, vi er heller ikkje gode på brukarundersøkelsar slik vi oppfattar statistikken. Vi hadde ei sak oppe i kommunestyret i vår der Arbeiderpartiet foreslo å øyremerke ei stilling til dei nye oppgåvene som blant annet fosterheimsarbeid barnevernteneste tok over frå Bufetat/staten i januar 2021, men dette vart nedstemt med bakgrunn i at ein kunne vurdere å omdisponere ei stilling intern i avdeling (saksframlegg). Kva tiltak er blitt sett inn? Korleis er dette blitt følgt opp? Kan ein ha tru på at Rauma kommune vil skåre betre i barometeret for 2022?

  5. Økonomisk rådgiving er etter vår meining ei svært viktig oppgåve i sosialtenesta, her skårar kommunen også lavt. Er det sett fokus på dette og er det lagt meir vekt på rådgjeving framover?

  6. Når det gjeld sjukepleiarar med utdanning innan geriatri vil vi ha bruk for langt fleire enn vi har i dag. Etter kvart som eldre (med samansette utfordringar) også vil meir enn doble seg fram mot 2040. Kva konkrete tiltak og planer er sett i gang for å rekruttere eller tilby vidareutdanning innan dette område? Det er og ei kjennsgjerning at vi treng langt fleire helsefagarbeidarar framover. Er det laga konkrete planer for rekruttering og vidareutdanning ?