Skrevet av Ida Siem, Rauma SV

Me vil først og fremst skryte av jobben som er gjort med å lage ein besøksstrategi for Rauma kommune. Dette er eit viktig resultat av at Rauma vart sertifisert som bærekraftig reisemål i 2021, og eit behov som har økt i takt med antall aktive tilreisande. Besøksstrategien skal knyte saman både besøkande, lokalbefolkning, næringsliv, vernestyresmakter og offentleg forvaltning. Dette dokumentet gjer oss mulegheitene og ansvaret til å drive ei meir aktiv besøksforvaltning, samtidig som me tek vare på naturverdiane i kommunen vår. Tida er overmoden for at Rauma får eit slikt viktig styringsdokument.

Det er ein ganske ambisiøs og konkret strategi, særlig på nokre plan, og det vil kreve god styring å innfri dei måla besøksstrategien peikar på. Tiltakslista i bærekraftsstrategien bør i framtida harmonere bedre med ambisjonane om naturvern og forvaltning i dokumentet elles. For å oppnå mange av måla, er det avgjerande at me sluttar å sjå på talet på turistar som målet for suksess. Vern må bli like viktig som vekst, og me må vise at me ivaretar naturforvaltning med høgste prioritet. Sviktar me her, blir det ikkje like attraktivt verken å bo her eller å besøke oss, og me vil tape mot dei som har gjort jobben bedre.

Me er spente på informasjonsstrategien, og tenker at dette blir eit viktig verktøy både for oss som bor her – og for dei som besøker oss. Rauma må vise at me tar ei aktiv rolle ved at alle gjestar kjenner seg både velkomne og godt informert. Me ser gjerne at informasjonsstrategien blir presentert i kommunestyret når den er klar, slik at den blir gjort godt kjent for oss frå starten.

Me er også spente på korleis den langsiktige plana ser ut, og vil gjerne vite meir om ambisjonar om revidering av plana etterkvart som erfaringane gjer oss klokare. Reiseliv har historiske røter i Rauma, og er eit stort satsingsområde for næringsliv framover. Nettopp derfor må strategien vere langsiktig og brukast aktivt. Reiselivsnæringa i Rauma bør i framtida klare nettopp den balanseøvinga som besøksstrategien peikar på;

– å bygge lokal infrastruktur og videreutvikle ein solid og spennande destinasjon

– å beskytte naturen mot for stor slitasje og uopprettelege inngrep

– å bidra til å bevare og formidle kultur

Rauma SV er i denne saka opptatt av å vise at kommunen tek ei aktiv rolle, både ved å ta ansvar i tiltaksplana og gjennom å sette av pengar i budsjettet. Me er glade for at me fikk lagt til følgande punkt ilag med dei andre partia i fleiralet i kommunestyremøtet 30 mars;

– Det skal avtalast ein aktør for kvart punkt i tiltaksplana som skal ha hovedansvaret.

– Kommunestyret forutsett at der kommunen har ansvar, blir nødvendig finansiering innlemma i budsjett.

– Tiltaks plana skal inneholde punkt som omtaler korleis konkrete tiltak mot parasittsmitte i elv skal utarbeidast og settast i praksis. Dette punktet skal ha prioritet 1.

– Tålegrenseneanalyse for cruisetrafikk skal utarbeidast seinast 2024. Dette tiltaket skal ha prioritet 1.

– Kommunen skal aktivt bruke og marknadsføre aktivitetskalenderen kaskjer.no for å underbygge kulturell verdiskaping

– I avsnittet om kulturturisme skal det konkret nemnast krigshistorie.

Me gler oss til å vere med å sette besøksstrategien ut i livet.