Skrevet av kontaktlærarane og assistent ved ungdomsskulen i Måndalen

Det er ein dårleg bevart hemmelegheit at enkelte vil leggje ned ungdomsskulen i Måndalen. Allereie i mange år har vi kjempa for å halde på skulen vår, og vi har visst ingen grunn til å stoppe no. Vi har endeleg fått renovert ungdomsskulen, og barneskulen har blitt heilt ny - tusen takk til dei private investorane i Måndalen som sørga for at det i det heile tatt vart noko av! Vi er alle klare over at Rauma kommune befinn seg i ein svært utfordrande situasjon økonomisk, men at elevane i kommunen vår skal behandlast ulikt er heilt utforståeleg! Det kan ikkje vere slik at ein skal få mange fleire fordelar om ein går på skule på til dømes Åndalsnes?

Ironisk nok har det over ei lengre periode vorte arbeidd for at skulane i Rauma skal vere like. Dette har medført at Måndalen skule ikkje lenger kan reise på dei lærerike turane til utlandet, som ei avslutning på 10 år på grunnskulen. For at det skal vere likt på alle skulane er det no fremja eit forslag om at ein skal feire fullføringa av 10 år på grunnskulen med éi overnatting i Møre og Romsdal. Trist, men sant, men det må vi likevel halde oss til. Vi går altså vekk i frå gode, gamle tradisjonar for at Raumaskulen skal vere lik. Er det ikkje då rart at skulane som ligg utanfor Åndalsnes sentrum må betale for å skysse elevane til symjeopplæringa dei har krav på? Er det ikkje rart at vi må betale for buss berre for å besøke biblioteket vårt? Er det ikkje rart at vi må betale pengar for å skysse niandeklassingane våre til finalen i innovasjonscamp? Kva skjedde med tanken om at Raumaskulen skulle vere lik?

I over 30 år har det vore tradisjon for ungdomsskulen i Måndalen å reise til Bjorli på skidag. Her har elevane brukt å gå på langrenn, stått i slalåmbakken, aka og kosa seg saman. Skidagen på Bjorli er i likskap med turane til utlandet ei av opplevingane som tidlegare elevar sett pris på den dag i dag, og som dei framleis hugsar. Kven er det eigentleg i dag som sit og tenkjer på korleis ein eksponentialfunksjon ser ut? Ein skidag har vore sjølvsagt for oss i alle år, men i år vart det bråstopp. Det omdiskuterte gratisprinsippet gjer at skulen skal dekke både transport og skikort, men det har vi jo ikkje økonomi til. Bussen kostar pengar. Skikorta kostar pengar. Alt som ikkje er ein A4-skuledag kostar pengar. Løysingsorienterte som vi lærarar er, foreslo vi at vi kunne køyre bilar og bruke foreldre som meir enn gjerne stiller opp. Dette var visst ikkje heilt etter reglementet på grunn av utfordringar knytt til forsikring. Til slutt sto vi altså att med alternativet som var gratis, nemleg skitur her i Måndalen. Utan bruk av transport sjølvsagt. Sjølv om fleire av oss er meir enn glade for at våren ser ut til å vere i anmarsj, så er det ikkje til å stikke under ein stol at det ikkje er drømmeføre for ski om dagen. Vi unner sjølvsagt dei andre skulane å arrangere så mange skidagar dei berre kan, men vi skulle så gjerne ønska at det vart lagt til rette for at vi kunne gjere det same. Vi er også ein del av Raumaskulen.

Kvar det eigentlege problemet ligg veit vi ikkje sikkert, men kanskje er det på tide å nøste opp i systemet som heilheit? Kan vi verkeleg stå inne for at ungdommane våre blir behandla så ulikt, berre fordi dei bur landleg til? Dette er ikkje noko anna enn trist og urettferdig! Konspirasjon eller ei, men dette kjennast ut som ei langsam sniknedlegging av skulen vår, og vi fryktar at vi har fleire kampar i vente. Sjølv om økonomien hindra oss i å reise på skitur i år, så kjem vi aldri til å stoppe å kjempe for ungdommane våre og skulen vår!

Helsing frå kontaktlærarane og assistent ved ungdomsskulen i Måndalen - vi som arbeider for at dei flotte ungdommane våre skal behandlast på lik linje med resten av ungdommane i verdens «beste» kommune for naturglade mennesker!