For temmeleg nøyaktig 45 år sidan starta eg mi lærargjerning på Åndalsnes Barneskole. Eg fekk ei 5.-klasse som eg fekk arbeide saman med i 5 år, nokre av elevane faktisk i seks år, og vi fekk etter kvart eit så godt samhald at eg den dag i dag kallar denne klassa ”klassa mi”. Det er alltid spesielt å få treffe igjen dei som eg då arbeidde så tett innpå.

Men sidan då har vi mista tre av klassekameratane: Ho Torunn (Kroken), han Hans Christian (Doseth) og ho Siri (Skare). Tre personar som i vaksen alder markerte seg som målbevisste individ. Stundom kjem det fram minner frå skoletida. Stundom minnest eg dei gongane eg møtte dei etter at dei hadde etablert seg med gjeremål innanfor sine hovudinteresser. Torunn tok lærarutdanning, Hans Christian vart ein av dei dyktigaste innanfor klatresporten og Siri vart Norges første kvinnelege militære flygar og med spesielle oppdrag også internasjonalt.

Så skjer det spesielle: Sist fredag hadde Dagsrevyen eit lengre innslag frå Bjørnsonfestivalen med intervju med Siri si dotter Aurora. Vi fekk høyre om hennar oppvekst og kjensler etter mora sitt dødsfall, og vi fekk sjå ein del om Siri si allsidige utdanning og teneste. Det vart sterkt å sitje framføre skjermen denne kvelden. Og så kjem Åndalsnes Avis ut laurdagen med eit lengre stykkje om Hans Christan.

Kjetil søskenbarn skriv om klatreprosjekt som han og Hans Christian gjorde og om utviklinga i klatredugleik. Til sist blir vi mint om den ulukka som tok livet av Hans Christian. Det vart sterkt å få desse to medieinnslaga om mine tidlegare elevar så tett på kvarandre. Kven skulle tru at ein pensjonert skolemann kunne ha slike kjensler for dei han hadde i klassa så mange år tidlegare? Det har eg ikkje svar på, men det er ein rikdom å få erfare at kjenslene sit laust også når ein får innslag i media. Så går sjølsagt tankane til familiane deira som får gjenoppleve dei verste dagane i livet.

Isfjorden, 1. sept. 2014

Johannes Kosberg