Det er reist motsegn frå Fylkeskommunen også, og det er dei same vurderingane som ligg til grunn. Vi vil i tillegg signalisere at det i bakteppet for motsegna ligg ei sterk tru på kvalitetane og framtida i eksisterande sentrum på Åndalsnes.Det er til denne tettstaden turistbåtane og toget kjem. Det er her ein har Tindesenter, gågate, fjordutsyn, hotell, planar om gondolbane ….. offentlege tenester…..og ei rekkje andre kvalitetar som gjer at Åndalsnes fortener nemninga by. Og det er også her kommunen sjølv ønskjer å satse sterkt på sentrumsnære bustader. Sett i høve til folketalet har staden eit by-preg langt utover det ein finn i andre stader av same storleik. Gjenreisingsarkitekturen med byliknande hus og gateløp har fått fornya merksemd dei seinare åra og medverkar vesentleg til by-preget. Dette er ein viktig del av Åndalsnes si historie.

Fylkeskommunen har brukt 4 mill. kr i Åndalsnes sentrum over de siste sju åra, i tillegg til at kommunen sjølv og næringslivet har brukt minst tilsvarande. Rauma kommunestyre har gjort vedtak om at sentrum strekkjer seg til Øran. Dette vedtaket sviktar på to vesentlege punkt. For det første er forslaget ikkje drøfta i prosessar som er naudsynt for at vedtaket skal vere rettskraftig i arealplanlegginga. For det andre er det eit vedtak som ikkje tek opp i seg det meiningsberande innhaldet i omgrepet sentrum.

Historisk er sentrumsdanninga i stor grad knytt til korleis handel har vore lokalisert. Andre aktivitetar har trekt etter når handel vart etablert på nye stader. Desse mekanismane gjeld for ein stor del også i dag. Eit kjøpesenter åleine vil aldri kunne fylle det omgrepet vi oppfattar som eit bysentrum. Øran-området er ikkje knytt til eksisterande sentrum på ein slik måte at ein oppfattar desse samla som eitt sentrum. Med det grunnlaget ein har i folketal og prognoser, er det heller ikkje grunn til å tru at dette skjer så langt ein kan sjå. Ingen vil med handa på hjertet hevde at dei er i sentrum av byen når dei er på Øran.

Detaljhandel på Øran trekkjer allereie i dag kjøpekraft ut av eksisterande sentrum og gjer det mindre interessant å investere der også for andre. Ei utviding vil forsterke problemet vesentleg. Konsekvensutgreiingar, gjort i samband med Øran-planane, dokumenterer dette svært tydeleg. Dagens gjennomgangstrafikk er ikkje på nokon måte tilstrekkeleg for at utvidinga skal vere lønsam. Påstandar om Romsdals mest trafikkerte kryss er utan hald i statistikken. Ein vil måtte trekkje betydeleg meir kjøpekraft ut av dagens Åndalsnes sentrum og redusere viljen til nye investeringar endå meir. Utgreiingane er gjennomført av eitt av landets fremste analysemiljø og med utgangspunkt i metodar og datagrunnlag som er godt fagleg underbygd.

Så kan ein sjølvsagt hevde at når andre aktivitetar (enn handel) kjem etter, vil sentrum på sikt flytte til Øran, og at det er dette ein vil. Men dette fordrar heilt andre planmessige grep enn det som no er fremja og ikkje minst enorme investeringar. Det må då leggast til rette nettopp for den kombinasjonen av ulike føremål som vi assosierer med eit sentrum; gateløp og offentlege rom, private og offentlege sørvistilbod, kulturinstitusjonar, hotell, tenlege trafikkløysingar for gåande, syklande og køyrande, kollektivløysingar mv. Men då har ein også kasta vrak på alle dei investeringane som er gjort i dagens sentrum tidlegare. Kva skal då tog- og cruise-turistane kome til?

Sjølv om desse skulle bli skyssa samfengt med bussar til Trollstigen, må ein ikkje tru at dei forlet kommunen utan ei viss oppfatting av byen dei kom til.

Det har vore tre interessegrupper dei siste sju åra som har ønska å byggje kjøpesenter i Åndalsnes sentrum. Dei som har vore involvert i prosessane, veit at det ikkje har vore økonomien i prosjekta som har gjort at desse ikkje har blitt realisert. Tvert imot. Om ein les dokumentasjonen som ei kjøpesentergruppering sjølv har fått utarbeidd, vert det i vesentleg grad lagt vekt på at etablering må skje i sentrum. Dette er og i samsvar med landsdekkande statistikk for kjøpesenter.

Fylkeskommunen vil også i framtida medverke til utvikling av byen Åndalsnes. Tettstadprogrammet som Fylkeskommunen står for, har samarbeida med kommunen i meir enn ti år, gjennom m.a. opprusting av sentrum, etablering av Skysstasjonen og Tindesenteret og i den internasjonale arkitektkonkurransen. Tettstadprogrammet skal: "stimulere til utvikling av livskraftige og berekraftige sentra ved å setje søkelyset på den funksjonelle kvaliteten, næringsmessig styrking og tettstaden sin verdi som felles arena i lokalmiljøa". Programmet samordnar og sikrar erfaringar frå kommunar i heile landet, men også i utlandet. Det er liten tvil om at dei kommunar som har lukkast med by- og tettstadsutviklinga, har satsa på konsentrasjon med eit langsiktig perspektiv.

Verken fylkeskommunen eller Fylkesmannen er motstandarar av kjøpesenter. Det er lokaliseringa som er vesentleg. Å seie nei til utvida detaljhandel på Øran er kanskje ikkje i første omgang tilstrekkeleg for at nokon skal investere i sentrum. Men det er nødvendig, og det er framover i tid også eit spørsmål om korleis ein greier å stå fast ved dette. Det er gjennom arealplanlegginga kommunen kan styre sentrumsutviklinga, og uavhengig av motsegner frå Fylkesmann og fylkeskommune er det over tid kommunen som må gjere dei viktigaste vala. Konsekvensutgreiingane kommunen har gjennomført, viser utanom ein kvar tvil at det er uråd å satse på både Øran og Åndalsnes sentrum.